Hopp til innhold

– Oljenæringa må standardisera for å kutta kostnadar

– Olje- og gassindustrien må læra av korleis bilindustrien har gjennomført standardisering for å kutta kostnadane, seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp).

Norsk oljeindustri tar samling i bånn for å kutte kostnader og bli mer lønnsomme. Oljeminister Tord Lien møtte idag bransjen i Stavanger, og hamret inn budskapet om lære av bilindustrien for å sikre norsk olje og gassindustri i nye 50 år.

SJÅ REPORTASJEN: Tord Lien vil ha standardisering for å kutta kostnadar i oljebransjen.

Oljebransjen var samla på 2015 Offshore strategikonferanse i Stavanger i dag, og ei samla messe var samde om at dei må kutta kostnader og bli meir lønsame for at industrien skal konkurrera globalt.

Mana til standardisering

Tord Lien var også på plass, og med seg hadde han eit klokkeklart bodskap: Sjå til bilindustrien.

– I bilindustrien har dei jobba målretta med å få ned kostnadane, blant anna gjennom standardisering gjennom mange, mange tiår. Eg trur det er ein tankegang og mentalitet som også må omfamnast i større grad av olje- og gassindustrien, som kanskje har vore meir opptekne av å heile tida byggja ein ny gullstandard, med dertil auka kostnadar, seier statsråden.

– Historia har vist oss at denne næringa kjem styrka ut av denne typen utfordringar kvar einaste gong, og eg trur næringa er sterk nok til å klara det også denne gongen, held han fram.

Har kutta ut konsulentar

Ståle Kyllingstad

OPTIMIST: Ståle Kyllingstad, konsernsjef i IKM-Gruppen.

Foto: Inger Johanne Stenberg

Ståle Kyllingstad, konsernsjef i IKM-Gruppen, trur industrien har gode år framfor seg, trass i nedturen dei er inne i no. Mindre bruk av konsulentar er eit av områda som er viktige for å kutta kostnadar.

– Det at me har avgrensa konsulentbruken veldig mykje har me spart mykje på. Konsulentar er mykje dyrare enn fast tilsette. Når ein jobbar med faste tilsette går produktiviteten opp, så bransjen reknar med at det er om lag 20 prosent meir effektivt med eigne tilsette enn konsulentar, seier Kyllingstad.

– Motivasjonen er stor hjå alle på å visa at me kan få det til, så eg trur at me i alle fall klarer 22–23 prosent på rein vilje.

På messa etterlyste næringa meir frå staten, blant anna skattelette og ei permitteringsordning som sikrar at fagfolka ikkje blir vekke. Lien svarar slik på det:

– Begge dei spørsmåla er utanfor mitt ansvarsområde. Eg har merka meg at arbeidsministeren har sagt at han vil følgja med utviklinga i industrien og fortløpande vurdera om det er naudsynt å gjera endringar i permitteringsreglane, men det er ikkje mitt bord å snakka om.