Hopp til innhold

– Nye tunnelar er meir brannsikre

Nye tunnelar er langt meir brannsikre enn dei gamle tunnelane, seier Norges einaste professor i branntryggleik, Torgrim Log, ved Høgskolen Stord/Haugesund. Årsaka er rett og slett at tunnelane er større.

Gudvangatunnelen

SÅ GALT KAN DET GÅ: Her er restane av turistbussen som brann opp i Gudvangatunnelen i Aurland tidlegare denne veka.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

– Nyare tunnelar har eit større tverrsnitt og større høgde. Det gjer at dei blir sikrare i seg sjølv, seier Log, som meiner det automatisk har gjort tunnelane tryggare dei siste åra, og forklarar kvifor:

– I ein låg tunnel vil flammen frå ein buss nå taket, spreie seg utover og stråla masse varme tilbake til brannen slik at brannen blir endå sterkare og utviklar seg raskare. I dei høge tunnelane blir det større avstand opp til taket, det vil bli mindre varmestråling tilbake og brannen vil utvikla seg saktare, seier professoren.

Snudde i år 2000

Professor Torgrim Log er ein av Norges fremste ekspertar på branntryggleik i tunnelar. Han var tidlegare veldig kritisk til branntryggleiken i norske tunnelar, men seier Vegdirektoratet endra haldning etter brannen i Seljestadtunnelen i 2000. Den gong var fire personar var fanga av røyken i ein time og 20 minutt.

– Dette med brann i buss var nesten skremselspropaganda me brukte inn mot Vegdirektoratet for ein del år sidan, men etter Seljestadbrannen forstod dei alvoret, seier han.

Torgrim Log

POSITIV: Professor Torgrim Log seier tryggleiken i norske tunnelar er blitt betre.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Log meiner risikoen for brann i tunnelar i Norge i dag er akseptabel, men at det framleis er mykje å henta på førebyggande tiltak.

– Me skal ikkje stikka under ein stol at det er farleg.

Dette kan du gjere:

Han ramsar opp enkle ting alle kan gjera i tilfelle ulukka er ute.

– Som enkeltperson kan du halda god avstand til bilen framfor slik at du kan snu om du må, du må vera opplagt når du køyrer bil og om du kjenner røyklukt så må du stoppa! Og ikkje få panikk, du sit faktisk ganske trygt i bilen i ein tunnelbrann, seier Log.

– Og for all del ikkje køyr inn i tunnelen om dei farelampene blinkar på utsida! I eit forsøk for 17–18 år sidan i Byfjordtunnelen i Stavanger så me at bilar køyrde på utsida av bommen for å rekka ei ferje. Slikt skal ein aldri gjera!

Som ein av åtte utdanningsinstitusjonar i verda startar Høgskolen Stord/Haugesund opp eit nytt mastergradsstudie i branntryggleik. Log håpar fleire av studentane vel å sjå nærmare på tunnelbrannane.

– Eg håpar at ein del av desse mastergradsstudentane kan følgja opp dette med tunnelbrann og tryggleik, etter kvart som me lærer meir. Det kan vera ting me har gløymt i våre risikovurderingar fram til no, avsluttar han.