Hopp til innhold

– Nokre har mista absolutt alt dei hadde

Medan talet på omkomne stig etter vulkanutbrotet i Guatemala, jobbar Ida Jaarvik Hetland frå Bryne med å få oversikt over om lag 600 personar som er tilknytt hjelpefondet hennar.

Vulkanen Fuego spyr ut en tykk sky av aske etter utbruddet søndag.

VOLCAN DE FUEGO, GUATEMALA: Dei siste tala frå styresmaktene fortel at vulkanutbrotet på sundag har kosta 99 menneskeliv, 44 får behandling på sjukehus, medan nesten 200 er sakna.

Foto: Santiago Billy / AP

– Nokre av familiane våre har fått husa sine øydelagde, og det er mange me framleis ikkje har kome i kontakt med, fortel Ida Jaarvik Hetland frå Bryne, som er grunnleggar og leiar for Idas hjelpefond i Guatemala.

Dei har eit dagsenter for barn i byen San Juan, som berre ligg 15 kilometer frå foten av vulkanen Fuego, som hadde utbrot på sundag. Så langt er 99 menneske bekrefta døde og 200 er sakna.

– Det var ganske skremmande å vakna til denne nyheita måndag morgon. Eg hadde innboksen full av fæle bilete frå vulkanutbrotet og det som hadde skjedd, seier Jaarvik Hetland, som er heime i Noreg.

Ida saman med alle barna på McDonalds

Her er Ida Jaarvik Hetland saman med sambuaren sin Jostein Reiestad, Leonel Armira Aragon og alle barna som er tilknytte dagsenteret deira i San Juan, på utflukt til McDonalds i Antigua i 2016.

Foto: Privat

– Enormt regnvêr

Det er byane Los Lotes og El Rodeo som er hardast råka av vulkanutbrotet, men Ida har fått inn mange sterke skildringar frå folka ho har vore i kontakt med i San Juan.

Dagsenteret er stengt, og ifølgje Jaarvik Hetland er situasjonen i byen uoversiktleg. Alle dei fem tilsette i Idas hjelpefond er aktive i å spora opp alle 195 barna som er tilknytte dagsenteret og familiane deira. Totalt om lag 600 personar.

– Problemet nå er at det er eit enormt regnvêr, som tek med seg sand frå vulkanen over alle hus og nabolag. Mange vegar er stengde. Me er mest urolege for luftvegsinfeksjonar og magetrøbbel som barn kan pådra seg på grunn av ureint vatn og luft, seier ho.

Bilder frå San Juan

Dette er bilete Ida nyleg har fått frå San Juan frå dagleg leiar i Idas hjelpefond i Guatemala. Vatnet og gjørma gjer at det er vanskeleg å koma seg rundt i byen.

Foto: Leonel Armira Aragon / Idas hjelpefond

– Meir enn 1,7 millionar menneske er råka

– Er du uroleg for situasjonen?

– Ja, det er eg. Dette er snakk om folk som i utgangspunktet har veldig lite, nå har dei mista absolutt alt. Dessutan så veit me at det kan koma nye utbrot.

Meir enn 1,7 millionar menneske er råka av Fuego-utbrotet, og over 3000 er framleis evakuert. Guatemala sitt seismologiske institutt åtvarar framleis mot nye straumar av vulkansk materiale på vestsida av Fuego-vulkanen, og onsdag kveld måtte landet sine katastrofestyresmakter nok ein gong avbryta søket etter overlevande som følgje av regn, gjørme og fare for nye utbrot.

– Korleis er det å følgja situasjonen frå Bryne?

– Eg kjenner meg litt hjelpelaus her heime i Noreg når noko slikt skjer, men eg får daglege oppdateringar frå kollegaene mine i Guatemala, me jobbar med å få oversikt over situasjonen og eg samlar inn pengar her heime til reint vatn og medisinar.

San Juan