Hopp til innhold

– Mykje å læra av Hulda Garborg

I ein ny biografi vert Hulda Garborg framstilt som ein av 1900-tallets store bohemar.

Video Hulda Garborg

Reporter: Eirik Berg, Foto: Dag Robert Johansen, Redigering: Thorkil Evan

– Hulda Garborg var ein opprørar og ein nasjonal strateg som har ansvaret for mykje av det vi i dag kallar norsk, meiner biografiforfattar Arnhild Skre.

I samband med at det neste år er 150 år sidan Hulda Garborg blei fødd, har ho skrive biografien Hulda Garborg - nasjonal strateg.

Ein norsk tenkemåte

– Hulda ville skapa ein ny norsk kultur heilt frå klede og mote til interiør, dans, litteratur og ikkje minst teater, men ho ville og skapa ein norsk måte å tenkja på, fortel Skre.

I meir enn fire år har ho fordjupa seg i livet til Hulda Garborg (1862-1934). Arbeidet har resultert i ein murstein på over 600 sider.

– Livet hennar var utruleg innhaldsrikt. Det kan ikkje ha vore mange menneske i samtida hennar som opplevde, reiste og gjorde så mykje som henne, seier Skre.

Hulda Garborg

Hulda Garborg.

Ein norsk høgkultur

For Hulda Garborg var så mangt. Mest kjent er ho kanskje som grunnleggjar av Det Norske Teatret, bunadsoppfinnar og danselærar. Men ho var også forfattar, dramatikar, ein utrøytteleg debattant, internasjonal bohem og livsstilsreformator.

– Som historikar har det vore viktig å setja henne inn i samtida og skildra henne i den tida ho levde, seier Skre, som legg til at det viktigaste likevel har vore å tydeleggjera den store overgripande ideen til Hulda Garborg.

– Ho var driven av ein utopi om å skapa ein norsk høgkultur. Og Hulda Garborg var strateg nok til å gjennomføra dette norskdomsprosjektet. Ho meinte å vita korleis ting burde gjerast, og ho hadde evne til å skapa begeistring og få folk med seg.

Tøff start

Oppvaksen som skilsmissebarn hos ei fattig åleinemor, var det likevel ikkje sjølvsagt at Hulda Garborg skulle få ei så sentral rolle i norsk historie. Skre meiner det er viktig å få fram at Hulda likevel blei fødd inn i eit storbondemiljø, eit overklassemiljø.

Hulda Garborg

Hulda Garborg.

– Sosialt sett høyrde ho til der, sjølv om foreldra blei skilde då Hulda var eitt og eit halvt år, og Hulda hamna i nokså usle kår.

Skre meiner likevel at dette ikkje er nok til å forklara den sterke posisjonen Hulda seinare skulle få.

– Ho må i tillegg ha hatt ei sterk oppdrift. Det var ikkje alltid slik at ho var spesielt modig. Ho var ofte redd og nervøs for korleis ting skulle gå, men samtidig hadde ho tidleg denne driven. Ho var ikkje uredd, men ho var modig, seier Skre.

Avgjerande år

Tretten år gammal flytta Hulda Bergersen, som ho heitte den gongen, til Kristiania. Det blei starten på ein ny og avgjerande periode. Etter fullført skulegang, fekk ho som syttenåring jobb som butikkjomfru hos forretningsmannen Mikkel Dobloug.

– Han var ein opplyst forretningsmann som tok arbeidarane sine med til Kristiania Arbeidersamfund. Der skulle dei dannast til å bli gode deltakarar i demokratiet, fortel Skre.

Arne Garborg

Arne Garborg.

Foto: SCANPIX / SCANPIX

Her kom Hulda inn eit pulserande politisk og kulturelt miljø. Gjennom dette miljøet kom ho i kontakt med den viktige nynorskavisa Fedraheimen, der Arne Garborg var redaktør. Han var eitt av dei store litterære idola hennar. Våren 1886 byrja ho å kalla han min væn.

Eit krevjande samliv

Året etter blei dei mann og kone. Men det var ikkje noko A4-ekteskap. Allereie under bryllaupsmiddagen fleipa Arne Garborg med korleis han kunne få ekteskapet oppløyst. For Hulda var det truleg ikkje så festleg, ho var då gravid. Men dei utvikla eit liv saman og held saman i vel 36 år, til Arne Garborg døydde.

– Dei klarte den utfordringa eg trur mange slit med, nemleg å leva kvar sine liv og ha kvar sine prosjekt og likevel halda saman.

Arnhild Skre meiner vi har mykje å læra av Hulda Garborg også på andre område.

– Ho var på den eine sida svært interessert i å læra av andre land og kulturar, samtidig som ho var oppteken av å dyrka det norske. Det går godt an å vera kulturnasjonalist og vera sterk motstandar av vald. Ein må ikkje vera framandfientleg sjølv om ein er nasjonalist, seier Arnhild Skre.

Fire års arbeid