Hopp til innhold

– Muslimar er redde for å uttale seg

Angrepa i Paris, og debatten om ytringsfridom som har kome i etterkant, har ført til at muslimar vegrar seg for å koma med sine meiningar, meiner dialogprest Odd Kristian Reme i Stavanger.

Odd Kristian Reme

DIALOGPREST: – Me treng dei muslimske stemmene like mykje som me treng alle andre norske stemmer, seier dialogprest i Stavanger, Odd Kristian Reme.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Eg har nok eit inntrykk av at ein del muslimar er mykje meir forsiktige med å uttale seg, og at dei er redde for å seia noko feil, seier dialogprest i Stavanger, Odd Kristian Reme.

Ein eldre mann spurde dottera mi «Ja, du er ikkje terrorist?»

Summer Ejaz

Det er to veker sidan brutale terroråtak vart gjennomførte i Paris, og no merkar muslimar her heime etterdønningane. Det gjer at enkelte ikkje deltek i debatten som angår dei sjølve.

– Eg trur at eg kan kjenna meg att i at mange er redde for å uttala seg, seier Summer Ejaz, lokalpolitikar i Stavanger og styremedlem i Muslimsk fellesråd i Rogaland.

«Er du terrorist?»

Hans eiga dotter fekk merke at haldningane til muslimar har endra seg etter angrepet i Paris.

– Eg hugsar spesielt då dottera mi kom heim for eit par dagar sidan og fortalde at ein eldre mann kom bort til ho i kassa og spurde «Ja, du er ikkje terrorist?».

– Dette gjekk veldig hardt inn på ho. Ho er norskfødd pakistanar og ein fredselskande ungdom som alle andre norske ungdomar. Ho vart heilt sett ut av det spørsmålet, seier Ejaz.

Summer Ejaz

OPPMODAR TIL DIALOG: Summer Ejaz, lokalpolitikar i Stavanger og styremedlem i Muslimsk fellesråd i Rogaland.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Borna får høyra at dei er terroristar

– Eg har snakka med nokre av mine muslimske venner, og det er fleire av dei som seier at borna deira møter påstandar på skulen om at dei er terroristar. Det utviklar seg ein del haldningar i skulegarden som eg synst er urovekkande, seier Reme.

(Artikkelen held fram under videoen)

Biskop i Stavanger Erling Pettersen driv med interreligiøst dialogarbeid. Etter terrorhandlingane i Paris i går vil han ha klar tale frå muslimar i byen om at dei forpliktar seg til ytringsfridommen.

Erling Pettersen om Paris-terror.

Sjølv fordømmer Ejaz terrorhandlingane, men han er sterkt imot publiseringa av karikaturteikningar. Han er opptatt av at det må vera rom for å seia ifrå om at ein føler seg krenka, og difor vel han å snakka høgt.

– Vegen å gå er å snakke saman, ha ein dialog og fortelje om kva me føler, seier Ejaz.

Han fryktar at konsekvensen av terroren i Paris blir ei større kløft mellom muslimane og resten av befolkninga.

– Minoritetsungdomar blir lagt større press på og dei føler seg endå meir utestengde frå storsamfunnet. Dermed blir det vanskelegare å hindra rekrutteringa til ekstremismen.

– Folk må få lov til å føle seg krenka

Dialogprest Reme støttar ytringar som sparkar oppover, men dersom dei sparkar nedover og trør på andre, ber han folk visa folkeskikk.

– Om folk føler seg krenka så må dei få lov til å føle det, og få lov til å gje uttrykk for det, seier Reme.

Men den norske kyrkja har vel blitt van med karikaturar som karikerer Jesus og Gud, burde ikkje muslimane tole det same?

– Jo, viss eg skal drøyme om korleis eg håpar Norge skal sjå ut i framtida, så håpar eg at ikkje berre muslimar, men alle religiøse minoritetar har vendt seg til ytringsfridomen i endå større grad enn det dei har i dag. Dei kristne i Norge har jo mått leve med ein stadig svekking av respekten for det heilage, og me toler det. Men muslimar og andre minoritetar treng nok litt meir tid til å bli van med det.