Hopp til innhold

– Mobbeoffer treng oppfølging i fleire år

Mange mobbeoffer får for lite hjelp og utviklar alvorlege psykiske plager. Det viser tidenes mest omfattande gjennomgang av forskinga på konsekvensar av mobbing.

Edvin Bru

Professor Edvin Bru har vore koordinator for kunnskapsoppsummeringa om konsekvensar av mobbing. Arbeidet har blitt gjort på oppdrag frå Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Rundt 50.000 norske barn og unge blir utsett for regelmessig mobbing. Det skjer trass i den systematiske innsatsen som har blitt retta mot mobbing sidan tidleg på 1980-talet.

– Mobbing kan gje alvorlege psykiske helseproblem i form av angst, seier professor Edvin Bru ved Læringsmiljøsenteret på Universitetet i Stavanger.

Han har leia det omfattande arbeidet med å gå gjennom forskinga som har blitt gjort på konsekvensar av mobbing. Det er første gong dette har blitt gjort. Målet er mellom anna å finne ut kva som kan gjerast for å motverke desse skadane.

Vil ha meir oppfølging av mobbeoffer

Forskinga viser at det er behov for å utvikle eit system for tett oppfølging av mobbeoffer.

– Innsatsen fram til i dag har i hovudsak vore å førebygge og stoppe mobbing. Dette vil alltid vera det viktigaste, men vi må også sjå nærare på kva som kan gjerast for å hjelpa dei som har blitt utsett for mobbing, seier Bru.

Professoren meiner oppfølginga må skje over lang tid, også etter at mobbinga har teke slutt.

– Det trengst systematisk oppfølging i form av samtalar med den som har blitt mobba, gjerne i to-tre år. Dette må skje i tett samarbeid mellom skule, helsetenesta og familien, seier professoren.

Mange mobbeoffer får for lite hjelp og utviklar alvorlege psykiske plager. Det viser tidenes mest omfattande gjennomgang av forskinga på konsekvensar av mobbing.

VIDEO: Leiv Kåre Larsen vart mobba i skuletida og driv i dag eit drosjefirma med ni tilsette på Nord-Jæren.

Vil at vaksne tek meir ansvar

Leiv Kåre Larsen (33) frå Stavanger blei mobba gjennom heile barneskulen og løysinga blei å skifte skule. For han var dei næraste svært viktige for at han kom seg gjennom det utan psykiske skadar.

– Det er ikkje alle som har vore like heldige som meg. Eg hadde ein sterk rygg til å bera det og ein god familie. Det er verre med dei som glir litt ut. Eg veit om fleire som vart mobba som slit i dag, seier han.

Statsminister Erna Solberg har løfta mobbing høgst på hennar dagsorden i den kommande valkampen. Ho seier dei vaksne må ta større ansvar for å ta grep når mobbing skjer.

– Vi skal gjere endå meir for at alle skal vite korleis dei skal handsame dette. Kvar enkelt skule skal også ha ein strategi for førebygging, seier Solberg.