NRK Meny
Normal

Måtte stenga LAR-kontor etter drapstrugslar mot dei tilsette

Helse Stavanger sitt LAR-kontor måtte stengja etter drapstrugslar i går. Ifølgje leiaren er det nye regelverket for Subutex- og metadonbruk hos rusmisbrukarar skuld i meir trugslar mot LAR-tilsette.

Statens hus Hillevåg

LAR sitt administrative kontor ligg i det som tidlegare var Statens hus i Lagårdsvegen i Stavanger.

Foto: Torunn Westvik Tørneng / NRK

Dei narkomane står tett utanfor eit rosa hus ved Breiavatnet i Stavanger sentrum.

Det er her utdelinga av Subutex og metadon går føre seg i byen, det som blir kalla LAR, eller legemiddelassistert rehabilitering, for dei som har gått på tunge narkotiske stoff.

Tidlegare var det svært strenge reglar for å kunne delta.

– Meir trugslar

Brukarar opplevde tidlegare å bli kasta ut av programmet, dersom dei ikkje heldt seg vekke frå andre stoff enn Subutex og metadon, som dei fekk utdelt.

I 2010 kom Helsedirektoratet med ei ny forskrift med mål om å normalisera legemiddelassistert rehabilitering.

Mellom anna innebar dette at ein fjerna aldersgrensa, men det blei heller ikkje lenger stilt krav til å vera rusfri ved oppstart, ei heller skulle ein ekskluderast om ein sprakk.

Resultatet er meir trugslar mot tilsette i LAR-systemet, seier leiar i Helse Stavanger sitt LAR-system, Ingvar Bjørheim. Seinast i går opplevde dei tilsette dette endå ein gong.

Ingvar Bjørheim

Ingvar Bjørheim er leiar for LAR-systemet i Helse Vest. Han seier det har blitt meir trugslar mot dei tilsette etter 2010.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det var trugslar om å skyta meg

– Me har fått beskjed om at ein pasient har truga meg og mine kollegaer. Derfor har me stengt ned kontoret for resten av dagen, seier Bjørheim.

– Korleis arta trugslane seg?

– Det var trugslar om å skyta meg, og andre som jobbar veg her, svarer han.

Oppmjukinga av regelverket betyr større aksept for at rusmisbrukarane innanfor LAR-systemet, kan bruka andre narkotiske stoff, i tillegg til Subutex og metadon, fortel Bjørheim.

– Om eg skal oppsummera åra frå 2006 fram til i dag har dei som driv med aktiv rus auka frå om lag 20 prosent til over 50 prosent.

Resultatet av det er fleire rusmisbrukarar som får i seg fleire medikament og stoff, og då blir dei også til tider meir aggressive, seier Bjørheim.

– Må ta dette på alvor

– Det som skjer med denne gruppa er at dei blir ein del av gatebilete, som stopper opp i rehabiliteringa si, og som ikkje får den behandlinga dei har bruk for.

Det var også ein pasient i denne kategorien som i går førte til at kontoret i Stavanger måtte stengast og dei tilsette måtte dra heim.

– Me må ta dette alvorleg. Me kan ikkje byrja med sannsynsrekning på kor stor sjansen er for at det faktisk vil skje noko. Me må berre tenka at me skal ta vare på dei som jobbar her.

Kontoret i Lagårdsvegen er nå ope som vanleg.

Bjørheim understrekar at det er mykje god tenking i dei nye forskriftene, men meiner det er viktig at ein også ser på dei negative sidene ved dei.

– Pasienten og dei tilsette må takast omsyn til

– Det er to problemstillingar her; omsynet til pasienten og til dei tilsette. Pasienten treng, og har rett til å få behandling for ei så alvorleg liding som heroinavhengigheit. Vi veit også at det er svært høg dødelegheit blant denne pasientgruppa dersom dei skrivast ut av LAR. Vi må gje god behandling og vera tidleg ute med gode vurderingar for å unngå slike hendingar. Det er også viktig at man ikkje skriv ut pasientar fordi dei viser symptom på den sjukdommen dei får behandling for, seier Gitte Huus, avdelingsdirektør psykisk helsevern og rus i Helsedirektoratet.

– Den andre problemstillinga er omsynet til helsepersonell. I forholdet mellom pasientar og helsepersonell kan det oppstå vanskelege situasjonar. Dette er noko som må takast på yttarste alvor, og det er eit overordna omsyn at helsepersonell må vera så trygge som mogleg på jobb. Dette er problemstillingar som gjeld for fleire delar av helsetenesta og er ikkje unikt for LAR. Vi veit at både primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta har lang erfaring i å finne måtar å takla og løysa vanskelege situasjonar på. Helsedirektoratet har også gitt ut rundskriv som kan vera til hjelp i dette arbeidet, Rundskriv for vurdering av risiko for valdeleg åtferd, legg ho til.