NRK Meny
Normal

– Frp-leiinga vekte jaktinstinktet hos journalistane

Saka om Frp-politikar Trond Birkedal har fått for mykje medieomtale, ifølgje generalsekretær i Norsk presseforbund Per Edgar Kokkvold. – Men det må partileiinga i Frp ta mykje av skulda for sjølv, seier han.

Per Edgar Kokkvold

Per Edgar Kokkvold er generalsekretær i Norsk presseforbund. Han seier at medieomtalen i Birkedal-saka var alt for stor.

Foto: Roald Berit / SCANPIX

Sidan saka byrja å rulla i Dagbladet sist måndag er det i norske medium skrive fleire hundre avis- og nettartiklar om Trond Birkedal, som i dag er sikta for å ha hatt seksuell omgang med ein mindreårig gut og for å ha filma uvitande gjester nakne i sitt eige boblebad.

Ei teljing NRK har gjort viser at det har blitt skrive omlag 260 artiklar i papiravisene om Stavanger Frp sin tidlegare ordførarkandidat den siste veka.

I tillegg til dette kjem alle nettartiklane og ei fyldig dekninga av saka både i fjernsynet og i radioen.

Frp om Birkedal

Her stadfestar Frp-leiar Siv Jensen at ho kjente til sex-påstandane mot Trond Birkedal allereie i 2009.

Foto: NRK

– Vekte jaktinstinktet

Per Edgar Kokkvold meiner at mediedekninga var alt for stor, men at Frp-leiinga må ta ein stor del av skulda for dette sjølv:

– I staden for å verkeleg ta saka på alvor, prøvde partileiinga heller å skyva saka under teppet. Kanskje for å forsvara Birkedal, men utan tvil for å skjerma partiet.

Han meiner at dette førte til at jaktinstinktet til journalistane blei vekt:

– I byrjinga lot leiinga som om dei ikkje kjende saka, og at nyheita kom som eit sjokk på dei, men så byrja dei å svara på ein måte som gav mediene ei aning om at ikkje heile sanninga blei fortalt. Dette fekk journalistane til å tenka at her er det noko me ikkje veit, og dermed blei altså jaktinstinktet vekt, seier han.

Dekninga i Birkedal-saka

Grafen viser tal på avisartiklar skrive om Trond Birkedal frå førre måndag til i dag. Grafen strekk seg frå 0 - 70 artiklar.

Foto: Atekst

– Prisen for ei fri presse

Kokkvold seier at du kan vera trygg på at mediedekninga då vil bli stor, og at den mest truleg blir større enn den bør vera.

Gunnar Bodal Johansen arbeidar med presseetikk ved Institutt for journalistikk. Han meiner også medietrykket blei i største laget i Birkedal-saka.

Likevel meiner han prisen for ei fri presse er at mediestormen til tider kan gå for langt:

– Pressa set folk i gapestokken, det stod i den første «Vær varsam plakaten», men at folk ikkje må bli sett der unødig. For dei som blir ramma av desse sakene blir presset enormt, men det er ein pris som me til ei viss grad må betala.

Han seier vidare at ein ikkje kan ha eit system som regulerar heile mediene, men at kvar redaksjon og kvar redaktør må ha eit ansvar for korleis ein omtaler saker.

Han meiner at det på dette området må bli sett inn det han kallar for eit presseetisk støt.

NRK.no har ikkje lukkast med å få ein kommentar frå Framstegspartiet om handsaminga av saka i dag.