NRK Meny
Normal

– Me vil berre skilja oss ut

Emo-kulturen er ikkje aktuell i sjølvmordssaka som nå føregår i Stavanger, meiner Maren Solbakken. Ho seier at ho sjølv er medlem av kjernen på 20 til 30 personar som politiet seier er prega av mørke sinn.

Video Intervju om EMO-kultur

Maren Solbakken er medlemm av det politiet kallar emomiljøet i Stavanger. Ho seier at dei stort sett er vanlege ungdommar som vil skilja seg ut.

I samanhengen med rettssaka der ein gut og ei jente skal ha hjelpt veninna si til å ta sitt eige liv i Stavanger i fjor , har det den siste tida vore mykje snakk om emomiljøet i Stavanger.

Politiet seier at dette er eit ungdomsmiljø med mykje depresjon, og i Wikipedia blir det skrive at kulturen er kjenneteikna av ei dyster framtoning.

I sjølvmordstragedien som skjedde i skogen ved Jåttå i Stavanger for omlag eitt år sidan var dei tre involverte 17 år, og dei skal i følgje politiet alle ha vore medlemmar av emomiljøet i Stavanger, som skal vera omlag 20-30 personar.

Følgjer rettssaka

Utanfor rettsslokala der rettsaka nå har føregått i to dagar samlar det seg kjende av dei involverte, som tilhøyrer gruppa politiet kallar for emomiljøet i Stavanger, fleire seier at dei ikkje kjenner seg igjen i karakteristikkane som har blitt gitt av miljøet.

– Me er meir berre ungdommar som likar å skilja oss ut. Det finnes sjølvsagt nokon med psykiske problem, men det er også mange som ikkje har det, seier Maren Solbakken.

EMO

Jentene NRK møtte utanfor Stavanger tingrett i dag seier at dei liker å skilja seg ut med spesielle klede.

Foto: Daniel Bjur / NRK

Hovudetterforskar i sjølvmordssaka Truls Voll vitna i dag i retten, og seier at det dei har fått fleire uromeldingar frå foreldre etter hendinga i mars. Han seier at det er mange som slit med seg sjølv.

– Sjølvskading er det verste

– Me har hatt inne 20 til 30 ungdommar frå dette miljøet og det som går litt igjen er at mange har problem, det mest alvorlege me ser er sjølvskading, seier Voll til NRK.no.

Han vil ikkje sei om dette er på grunn av miljøet, eller om det er ungdommar som har funne saman på grunn av problem dei har opplevd.

Personleg kjende han ikkje til miljøet før han blei kopla inn i denne saka. Etter å ha prata med fleire av ungdommane seier han at han meiner at det kan vera eit usunt miljø:

– Når det er samla mange som kanskje har det tungt psykisk og det er nett dette snakket går i, meiner politiet at det ikkje er særleg sunt å vera der.

Likevel seier han at det er hyggelege ungdommar, og at politiet sjeldan har problem med dei.

Kjenner seg ikkje att

– Men det er viktig at uteseksjonen og foreldre snakkar med ungdommane meiner me.

Maren Solbakken utanfor tingretten meiner likevel at dei har blitt feilstempla av politiet:

– Slik som me har det i gjengen vår føler eg ikkje at me er eit slikt emomiljø som har blitt forklart. Me er berre ungdommar som kosar oss, me snakkar ikkje mykje om døden, men me høyrer på metall.