Bondelaget: – Me skal laga bråk i Oslo

200 rogalandsbønder reiser i morgontimane til Oslo for å demonstrera mot staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane.

Demonstrerande bønder på veg frå flyplassen på Sola til Oslo.

VIDEO: Med sauebjøller i sekker er Ola Andreas Byrkjedal i Bondelaget klar for å demonstrera i Oslo.

– Me skal laga bråk og visa kor viktig det er med eit levande landbruk over heile landet, seier ein kampklar leiar i Rogaland Bondelag, Ola Andreas Byrkjedal.

Med sauebjøller i sekken er han klar for å ta fly til den storstilte bondedemonstrasjonen i Oslo i dag. Det er venta at om lag 3.000 bønder vil delta i aksjonen.

Bondelagsleiaren: – Me har sympati blant folket

Bonde til Oslo

Bøndene gjer sitt for å vera synlege på veg til Oslo.

Foto: Eirik Gjesdal

På flyplassen på Sola er det fleire grønkledde bønder med signaturen «bonde» på brystet.

– De er ikkje redde folk er leie alle demonstrasjonane nå?

– Eg trur ikkje det. Me har fått ein voldsom sympati i folket. Dette blir den store finalen kor me ønskjer å gi eit signal til Stortinget, seier Byrkjedal.

Protestmarsj til Stortinget

Bonde-demonstrant

Demonstrantane har grønkledde t-skjorter.

Foto: Eirik Gjesdal

Odelsguten Vidar Nedrebø er blant dei yngre demonstrantane som i dag sjekka inn på flyplassen på Sola.

– Me er 200 bønder frå Rogaland som set oss på flyet til hovudstaden for å markera at me vil ha matproduksjon i framtida også.

Han fortel at det blir protestmarsj til Stortinget seinare i dag, kor det blir appellar.

– Folk kan venta seg litt av kvart, seier han lurt.

Statsråden gler seg

I ettermiddag skal landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) møta dei demonstrerande bøndene i hovudstaden. Ho fryktar ikkje å bli bua ut.

– Absolutt ikkje. Eg skal halda ein appell, der eg skal snakka om det gode tilbodet som staten har lagt fram. Eg gler med til å møta alle desse bøndene i dag, seier statsråden til Politisk kvarter på NRK P2 tysdag morgon.

Listhaug i politisk kvarter

VIDEO: Høyr landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) frå Politisk kvarter i dag.