NRK Meny
Normal

– Me kan berre snu kameraet, så er me klar

Hos Sandnes taxi er det jubel etter meldinga om at det kan bli lovleg med videoovervaking i drosjane. Dei har allereie montert opp alt utstyret som trengst.

Styreleiar i Sandnes Taxi, Lars Alsåker

Styreleiar i Sandnes Taxi, Lars Alsåker, har lenge kjempa for videoovervaking i drosjane. Han meiner dette vil gjera arbeidsmiljøet tryggare for drosjesjåførane.

Foto: Erik Sergio Auglend / NRK

– For oss er dette veldig gledelege nyheiter. Dette har me kjempa for lenge, og me har utfordra heile systemet ved å gå til innkjøp av kamera og montert dei opp i bilane, styreleiar i Sandnes Taxi, Lars Alsåker.

Har filma lenge

I dag kunne NRK melda at Arbeidarpartiet vil støtta ei lovendring, og dermed vil det vera fleirtal for kameraovervaking saman med Høgre og Framstegspartiet.

Til trass for kritikk frå Datatilsynet har Sandnes taxi, som dei einaste i landet, hatt kameraovervaking i drosjane sine i fleire år. Etter pålegg frå Datatilsynet måtte dei stoppa med overvakinga. Men utstyret har dei framleis i bilane.

– Me har berre snudd kamera framover i staden for bakover. Så når lovendringa kjem kan me berre snu kameraet, så er me klar, seier Alsåker.

Kameraovervaking av drosjar

Sand nes taxi opplyser om at det er videoovervaking i drosjane deira, sjølv om kameraa nå er vend feil veg.

Foto: Erik Sergio Auglend / NRK

Berre politiet som kan henta ut video

– Kvifor er det så viktig med kamera i drosjane?

– Først og fremst er det ein tryggleik for sjåførane våre, men også for passasjerar som fryktar overgrep og slike ting, seier han.

Han seier at videoen berre blir henta ut dersom politiet ber om det.