Hopp til innhold

– Me har overflod av lokalpolitikarar

Harald Minge i Næringsforeningen ser ingen demokratiske problem med færre lokalpolitikarar og større avstand mellom politikar og borgar etter kommunereforma. Snarare tvert imot.

Harald Minge

Harald Minge er administrerande direktør i Næringsforeningen i Stavanger-regionen. Han meiner færre kommunar veil vera bra for næringa.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Statsvitar Svei Tuastad ved Universitetet i Stavanger sa i dag til NRK at kommunereforma kan bety slutten for dei lokalt forankra bygdelistene, og slå dårleg ut for det politiske engasjementet i bygdene. Han viser til erfaringar frå Danmark der politisk engasjement har gått ned etter kommunesamanslåinga.

– Mindre nærleik til politikarane kan vera ein demokratisk kostnad ved kommunereforma, seier Tuastad.

Alt for mange politikarar

Næringa ønsker seg større kommunar, og kastar seg inn i debatten.

– Slik situasjonen er nå, har me ei overflod av lokalpolitikarar og kommunar, seier administrerande direktør i Næringsforeningen i Stavanger-regionen, Harald Minge.

Han viser til Nord-Jæren, der seks ordførarar og seks rådmenn saman med meir enn 200 kommunepolitikarar, nå styrer eit område som er omtrent like stort som Bergen kommune, men som har mindre innbyggarar.

– Men i Bergen klarar dei seg med litt over 60 kommunepolitikarar, og eg har aldri sett nokon gå i demonstrasjonstog på Torgallmenningen på grunn av mangel på demokrati, seier Minge.

Han meiner tvert imot at småkommunar med svært mange politikarar er problem for demokratiet.

– Det er ein større fare for eit demokrati-underskot dersom talet på kommunar held seg på same nivå. For det me ser i dag er at kommunar seier frå seg makt gjennom interkommunale samarbeid. Samstundes ser me at store og små kommunar i større grad er utsett for nasjonal detaljstyring.

– Og kven er det som har behov for å møta politikarane i det daglege, spør han retorisk.

Godt fungerande kommunar

Om Hå, Time og Klepp bør bli ein Jærkommune vil ikkje Minge uttala seg om.

– Dette er veldig velfungerande kommunar, men faktumet er at ein kommunereform er på gang, og me veit at kommunane på Jæren er i dialog. Ingen skal teikna opp dette kartet nå, men eg trur Jæren blir eit regionalt kraftsenter i større grad dersom det blir samanslåing.

Næringsforeininga har tidlegare bedd IRIS sjå på kommunestrukturen si betydning for næringslivet i Stavanger-regionen, her blei det konkludert at rammevillkåra for næringslivet er svekka med dagens struktur.