– Me har ein ung og svolten stall

Snittalderen på Bryne FK sin tropp er litt over 22 år. Dette er yngst av alle topplaga i Rogaland.

Gaute Larsen

Trenar for Bryne FK, Gaute Larsen, seier at ein del av strategien hans frå han kom til klubben for litt over to år sidan, har vore å satsa på unge lokale spelarar.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Ungdommeleg pågangsmot eller rutinert tryggleik? Kva som er det beste kortet å satsa på skal vera usagt, men før første runde med toppfotball i Norge brakar laust, kan det sjå ut som dei fleste klubbane i Rogaland satsar ungt.

Aller yngst er troppen til Bryne.

Alderstabell for Rogaland sine beste fotballklubbar

Snittalder

Yngste spelar

Eldste spelar

Bryne FK

22,29

Magnus Retsius Grødem (16) og
Tord Johnsen Salte (16)

Vegar Landro (32)

Viking FK

23,46

Julian Veen Uldal (17) og Amund Wichne (17)

Magne Hoseth (34)

FK Haugesund

24,13

Herman Børresson Fossdal (16)

Per Morten Kristiansen (33)

Sandnes Ulf

25,10

Vegard Skjørestad (19) og Niklas Sandberg (19)

Marius Helle (31)

Kjelde: altomfotball.no

Store talent

– Me har fleire unge seriøse spelarar, og i vinter har fire av dei spelt kampar for aldersbestemde landslag, seier Bryne-trenar Gaute Larsen.

Ein av desse er 16 år gamle Tord Johnsen Salte (sjå TV-innslag), som fleire toppklubbar i Europa luktar på. Dessutan har Bryne 18 år gamle Andreas Breimyr i stallen sin, som allereie er seld til Premier League-klubben Crystal Palace, men som skal vera ein sesong på utlån i moderklubben.

Sjølv om det er mange lovande spelarar i troppen, ser Gaute Larsen to sider ved det å ha ein svært ung stall.

– Det er både fordelar og ulemper ved det. Fordelen er at me har ein ung og svolten stall, men me treng også rutinerte spelarar. Slik det er nå meiner eg me har ei fin blanding av rutinerte spelarar og unge talent, seier Larsen.

Det unge talentet Tord Johnsen Salte skal prøvespela for ein fransk storklubb.

ARKIV: TV-innslag frå 2. februar då Tord Johnsen Salte skulle prøvespela for franske Saint-Étienne.

Kan veksa seg ut av Bryne

I tillegg til å ha ein ung stall har også Bryne den mest lokalt forankra stallen.

– Av dei 22 spelarane på Bryne er 15 frå Rogaland, og åtte av desse er frå Jæren, seier Larsen.

Det er nå litt meir enn to år sidan han kom til klubben, og han meiner at både lokal forankring og satsing på unge spelarar har vore viktig for han frå dag ein.

Det er talent som Magnus Retsius Grødem, Tord Johnsen Salte, Marius Halvorsen, Fredrik Tveit Vinningland og Truls Vagle han snakkar om. Det er likevel uvisst kor lenge Bryne kan halda på talenta sine.

– Utfordringa i neste omgang er at talenta blir så store at det blir vanskeleg for Bryne å halda på dei. Men dersom dei veks seg ut av Bryne, er det berre å ønskja dei lukke til, for me skal ikkje knusa draumane til flinke spelarar som vil opp og fram.

Bryne blei nummer ni i fjorårets sesong. I år er målsetjinga å bli nummer åtte eller betre. Første seriekamp er mot Nest Sotra på måndag.

Første runde med herrefotball måndag 6. april:

Mjøndalen – Viking, kl. 15.30
Stabæk–Haugesund, kl. 18.00
Bryne–Nest Sotra, kl. 18.00
Sandnes Ulf–Jerv, kl. 18.00