Hopp til innhold

– Me er folk som elskar brettspel

Denne helga har over 100 speleglade samla seg til brettspel og sosial moro på brettspelfestivalen Spel i Sandnes.

I helga samlet de seg til brettspillfestival

– Her spelar me brettspel og er sosiale ei heil helg, seier Terje Vedaa Naustheller i styret til Spel.

I konferanselokala på Thon Hotel i Sandnes har brettspelentusiastane denne helga vore samla til den femte brettspelfestivalen Spel.

– Me er folk som elskar brettspel og som treffest to gonger i året i Sandnes. Her spelar me brettspel og er sosiale ei heil helg, seier Terje Vedaa Naustheller i styret til Spel.

Han fortel at det ikkje akkurat er Ludo og Risk som står i hovudfokus på brettspelfestivalen

– Her får du eigentleg alt anna enn slike spel. Det finst tusenvis at brettspel som dei fleste aldri har høyrt om.

– Her finn du alt frå Tour de France-spel til vindyrkingsspel, og klassikarar som Catan, Dominion og Ticket to Ride.

Brettspelfestivalen Spel fortel om eit levande brettspelmiljø i Rogaland. I den digitale tidsalder har brettspel fått ein ny vår, ifølge festivalen.

Brettspillet Catan

Sjå bilete frå brettspelfestivalen Spel.

Foto: Ole Andreas Bø