Norske bønder har blitt sett på prøve i år. Først med ekstremtørke i sommar, og i haust har det vore flaum.
Avlingar er øydelagde og matvarebutikkane får inn færre norske varer.
– Det er synd, men når me har hatt slikt vêr som me har hatt i år, så må det jo bli slik, seier regiondirektør i Coop Noreg, Odd Ove Aksland.
og ifølgje rektor ved Høgskulen for Landbruk og Bygdeutvikling (HLB) på Bryne, Dag Jørund Lønning, så vil dette bli meir vanleg i framtida.
– Tidlegare har me tenkt at klimaendringane kan føra til betre forhold for bønder i Noreg, men me ser at det er feil. For varmare vêr, gir våtare vêr, og det er heilt openbert at matsikkerheita er truga, seier Lønning.
- Les òg:
Mindre matproduksjon i framtida
Han viser til ein ny rapport frå Utviklingsfondet, som seier at klimaendringane vil gi mindre matproduksjon i heile verda. Derfor kan me heller ikkje lena oss alt for mykje på import.
– Det er andre land som blir hardare råka enn oss av klimaendringane. Derfor må me eigentleg auka vår eigen matproduksjon, og det er me ikkje rusta for, seier Lønning.
Men ifølgje professoren finst det løysingar på problemet. Han peiker på mindre maskinar som kan koma seg ut på gjørmete jorde, fanging av karbon i jorda, meir vêrharde vekstar og mindre CO₂-utslepp.
Leif Johan Grude som driv Grude gartneri på Jæren er i full gang med å hausta vinterkålen. Eit arbeid som skjer for hand, med hjelp av mindre traktorar.
– Dersom eg hadde vore avhengig av tunge haustemaskinar, hadde eg ikkje kome meg ut på jorde, seier han.
Dette er derfor eit døme på klimatilpassa innhausting. Men sjølv om Grude meiner at bøndene er gode på omstilling, meiner han det kan vera lurt av forbrukarane å vera førebudde på utviklinga.
Kan bli dårlegare utval
– Det treng ikkje vera sjølvsagt at me får det me reknar med at me skal få heile tida, seier han.
Hos Coop er dei optimistiske på vegner av norske råvarer.
– Me vil ikkje ta bekymringane på førehand, og me trur bøndene klarar å omstilla seg. Me gjer vårt for å selja mest mogleg norsk, det skal me òg gjera i framtida, seier Aksland.
For Grude sin del så vil i alle fall heile kålen koma på kjøling, slik at folk skal ha tilgang på norsk kål gjennom så og seia heile vinteren.
– Det skal gå frykteleg gale om me ikkje skal klara å hausta dette innan neste veke.