Meir enn 60 norske sjøfolk kan risikera å mista jobben sin etter reiarselskapet Solstad offshore på Karmøy denne veka varsla utflagging av seks norske skip.
- Les òg:
Reiarlaget sysselsett 1500 sjøfolk, og brorparten av desse er norske. Det er den dyre norske arbeidskrafta som er årsaka for utflagginga.
Nå skal dei ta inn utanlandske sjøfolk, noko som får leiar for Maritimt Opplæringskontoret Sør-Vest Norge, Øyvind Bårdsen til å reagera:
– Skapar inntrykk av at ein ikkje treng norske sjøfolk
– Me treng ikkje berre norske offiserar. Norge døyr som sjøfartsnasjon utan norske matrosar, og dei aller fleste kapteinar i dag har vore matrosar, seier han.
Frykta er at utflagginga fører til dårlegare rekruttering til dei maritime fagutdanningane.
Og leiar for næringsforeininga Maritimt Forum, Solveig Røkenes, forstår problemstillinga.
- Les òg:
- Sjå TV-innslag:
– Det er litt trist. Med denne utflagginga kan ein få eit inntrykk av at ein ikkje treng norske sjøfolk, men det gjer ein altså. Solstad er det reiarlaget som tar inn flest lærlingar i heile landet, seier ho til NRK.no.
– Satsar framleis på norske sjøfolk
Bårdsen seier at eit ledd kan gå tapt, om ein berre brukar utanlandske matrosar:
– Me kan godt berre utdanna kapteinar, men me mister då eit ledd. For ein skal ikkje berre driva eit administrativt arbeid som kaptein, ein skal også driva eit praktisk arbeid, seier han.
Administrerande direktør i Solstad Offshore, Lars Peder Solstad, seier at to tredjedelar av driftskostnadene deira i dag går til norske sjøfolk.
Likevel kom utflagginga som ei overrasking på mange. Dette sidan reiarlaget er kjent som den største arbeidsgjevaren for norske sjøfolk, og dei driv aktivt rekrutteringsarbeid.
– Sjølv om me flaggar ut skjer det ikkje ei endring i satsinga vår på opplæring av norske sjøfolk. Me driv framleis aktiv opplæring og tar inn fleire kadettar, seier Solstad.