NRK Meny
Normal

– Mangelfulle tiltak mot svart arbeid

Regjeringa sine tiltak mot svart arbeid er mangelfulle og kjem for seint, meiner Torstein Tvedt Solberg (Ap). – Partane i arbeidslivet står bak tiltaka, svarer Arve Kambe (H).

Torstein Tvedt Solberg

KRITISK: Torstein Tvedt Solberg (Ap) er kritisk til regjeringa sin handlingsplan mot arbeidslivskriminalitet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Tiltaka kjem for seint, er mangelfulle og for lite konkrete.

Slik kommenterer stortingsrepresentant for Ap og medlem av finanskomiteen, Torstein Tvedt Solberg, regjeringa sin plan mot svart arbeid.

I går varsla nemleg regjeringa ein intensivert innsats mot arbeidslivskriminalitet og la fram ein handlingsplan med totalt 22 forslag til tiltak.

Gjennom tettare samarbeid mellom tilsyn og offentlege etatar, i tillegg til LO og NHO, skal dei useriøse aktørane i arbeidslivet lukast ut.

– Altfor seint

Ifølge Skatteetaten blir det unndratt opp mot 150 milliardar i skattar og avgifter kvart år i landet vårt.

– Eg gir regjeringa ros for at dei nå har innsett at denne utfordringa finst og at dei har lyst å ta tak i det. For eksempel det som handlar om lærlingar er veldig bra, men dette kjem altså for seint, seier Tvedt Solberg.

Arve Kambe (H)

Arve Kambe (H).

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Tvedt Solberg viser til at Ap i haust fremja ein handlingsplan mot arbeidslivskriminalitet for Stortinget. Også den inneheld 22 tiltak.

– Me hadde for eksempel krav om minimum 25 prosent eigenproduksjon hos hovudentreprenøren, utvida solidaransvar slik at dei på toppen blir gjort ansvarlege for det som blir gjort. I tillegg til krav om berre to ledd i kontraktskjedene for å unnga for mange ledd og uklare linjer, forklarer Solberg.

Avviser manglar

Leiaren for arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget og representant for regjeringspartiet Høgre, Arve Kambe, tar kritikken frå Ap med knusande ro.

– Eg er først og fremt glad for at LO og NHO rosar regjeringa for å gripa fatt i dei store utfordringane me har med arbeidslivskriminalitet. Saman med partane i arbeidslivet legg me nå fram ein plan som både skal gjere det enklare for dei som driv seriøst og gjera det enklare å oppdaga dei som driv useriøst. At Ap er ueinige med LO får så vera, seier han.

– Regjeringa har gode ambisjonar. Nå håpar me dei møter oss i Stortinget for å diskutera korleis planen kan bli endå betre, seier Tvedt Solberg.

Han seier planen Ap la fram i haust er den fjerde handlingsplanen mot sosial dumping og svart arbeid.

– Dette er ein bransje i veldig endring. Kvar gong Stortinget og styresmaktene lagar reglar, så finn dei useriøse måtar å snu seg rundt og omgå reglane. Det viser at det er eit tydeleg behov for å forbetra regelverket heile vegen.

Kommunane verstingar på svart arbeid.

ARKIV (14.01.2015): Omfanget av svart arbeid er større enn folk trur, meiner Harald Grayston frå Byggelaget Time AS.