– Bråk i klasserommet kan vera svært destruktivt for både elevar og lærarar

Ei ny undersøking hos norske lærarar syner at om lag 5000 manglar kontroll i klasserommet. Nå får fleire lærarar spesialkompetanse for å ta tilbake kontrollen.

Lærar i klasserom

Klassestyrar Kolbein Haakon Lunde har vore oppteken av å ha kontroll i klasserommet til 9B på Kannik skule i Stavanger.

Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

I mange klasserom rundt om i landet er det til tider kaostilstander. Ei ny undersøking utført av Læringsmiljøsenteret i Stavanger syner at om lag 5000 lærarar til tider manglar kontroll på elevane.

– Det er ein kombinasjon mellom ein usikker lærar, til dømes ein nyutdanna usikker lærar, og at du har elevar som utnyttar dette. Dei ser at læraren er usikker, utnyttar det og så heng fleire elevar seg på og karusellen er i gang, seier professor, Erling Roland, ved Universitetet i Stavanger.

Han er svært oppteken av klasseleiing og fryktar konsekvensane av urolege arbeidsforhold. Både for lærarane og elevane.

– Det kan gå ut over læringsresultata, for læraren sjølv er det eit mareritt, det blir fleire konfliktar med foreldre og det blir meir mobbing, slår Roland fast.

– Kvifor blir det meir mobbing?

– For læraren er ikkje i stand til å beskytta sårbare elevar like godt, seier han.

Viktig med kontroll

Når NRK vitjar klasse 9B på Kannik skule er det ikkje mykje bråk å spora.

Ein av grunnane til dette er truleg lærar Kolbein Haakon Lunde, som er svært oppteken av å ha kontroll.

– Det er veldig viktig for at elevane skal få med seg den informasjonen som blir gitt framme, at dei får roa til å jobba i timane, litt mindre lekser kanskje og meir kontroll over eige liv og læringssituasjonar, seier han.

Elevane hans er nøgde med eit stille klasserom. Her er nokre av svara me fekk då me spurde om korleis elevane ser på det:

– Av og til kan det vera gøy å snakka, men når ein skal øva til ein prøve er det best om det er stille.

– Eg klarer ikkje konsentrera meg om det ikkje er stille.

– Eg syns det blir mest bråk om lærarane går ut av klasserommet.

– Kan vera svært destruktivt

Nå har Læringsmiljøsenteret i Stavanger tatt initiativ til eit prosjekt for at fleire lærarar skal kunne ha det som Lunde i klasserommet.

I løpet av året vil 100 personar rundt om i landet få spesialkompetanse på korleis ein best kvittar seg med kaostilstandar i klasserommet.

– Det er verkeleg eit underskot i kompetanse på korleis ein løyser slike tunge problem. Dette er dumt sidan det skaper så mykje vondt i klassen, på skulen og i lokalsamfunnet.

Så langt har prosjektet vore ein suksess, ifølgje professoren.

– Resultatet er fantastisk bra. Me har nesten 100 prosent treff, men det krev ressursar og kunnskap for å gjera det.

I Stavanger har lærer Lunde funnet sin oppskrift.

– Ved å ha klare reglar om korleis me skal ha det i timane, og samstundes køyra eit høgt fagleg trykk, seier han.

Professoren seier at det ikkje er farleg med litt bråk i klasserommet, men lærarane må alltid vera på vakt.

– Dersom det blir kronisk og ein vane og ein kultur så er det svært destruktivt.