Det heile starta i mai 2012 då bystyrerepresentant Eirik Faret Sakariassen (SV) skreiv ein kronikk i Stavanger Aftenblad om at Stavanger-regionen trengde ein lokal verdikommisjon.
«Nedsett en verdikommisjon!» skreiv Sakariassen etter ei tid med diskusjon om olje-mentaliteten i Stavanger.
– Eg venta på at nokon skulle starta kommisjonen, men ingen gjorde det. Då måtte eg ta meg sjølv på ordet og gjera det sjølv, seier SV-politikaren.
– Annleis og nytenkande
Når den lokale verdikommisjonen blir lansert på Sting klokk 13.30 i dag blir det ikkje ein kopi av tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik sin verdikommisjon på 90-talet, ifølge initiativtakar Sakariassen.
– Det er ein annleis og nytenkande verdikommisjon som skal passa dei utfordringane samfunnet har i 2014.
Foreløpig er det sett av tre møte på Sting, så blir det nytt program til våren. Prosjektet verdikommisjonen er tilknytta debattarenaen Kverulantkatedralen KÅKÅ på Sting.
– Miljø, ulikskap, religion, kultur og mangfald kan vera nokre tema me kjem til å ta opp. Me vil ha ein debatt ikkje berre om dei økonomiske verdiane, men òg dei mellommennskelege verdiane i regionen, seier Sakariassen.
– Korleis kan folk få dette med seg?
– Dei faste medlemmene i kommisjonen samlast på scenen. Folk kan delta som publikum på Sting eller sjå det når det blir streama på nett. Me ønsker å vera såpass kontroversielle og spisse at me får fleire med på debattane.
Det første møtet blir på måndag klokka 19.
Dette er medlemmene i den nye verdikommisjonen:
- Tora Aasland (leiar)
- Erling Pettersen
- Marit Boyesen
- Eirik Faret Sakariassen
- Marie Ljones Brekke
- Bjørn Vidar Lerøen
- Safhana Mubarak Ali
- Arne Nøst
- Silje Trym Mathiassen