Hopp til innhold

– Lettare å få flyet heim frå Alaska enn over flyplassvegen

SOLA (NRK): Veteranflyet brukte om lag tjue timar på turen frå Alaska til Sola. Jobben med å flytta flyet frå flyplassen til museet kjem til å ta mykje lengre tid.

DC-6B ved hangar 4 på Sola.

Flyet står trygt på Stavanger lufthavn, men jobben med å få flytta det er omfattande, sjølv om det berre er nokre hundre meter.

Foto: Morten Nesvik / NRK

Det var mange i flymiljøet på Sola som senka skuldrene då det tidlegare Braathens-flyet nyleg landa for siste gong etter ein lang flytur frå Alaska.

I elleve år har entusiastane ved Flyhistorisk museum på Sola jobba med å få flyet heim til det som var hovudbasen fram til 1973. Om bord var hundekøyrar Thomas Wærner og hundane hans. Dei hadde vore koronafaste sidan sigeren i hundeløpet Iditarod i mars.

Inn for landing for siste gang etter å ha fløyet fra Alaska til Sola. Flyet av typenDC-6B skal bli hovedattraksjon på Flyhistorisk museum på Sola.

Inn for landing for siste gang etter å ha floge frå Alaska til Sola. Flyet av typen DC-6B og skal bli hovudattraksjon på Flyhistorisk museum på Sola.

Foto: Morten Nesvik / NRK

Men ein ting er å få flyet frå Fairbanks i Alaska til Sola. Jobben med å få flyet frå flyplassområdet og til museet er også ein operasjon som treng planlegging. Og pengar.

Då flyet reiste frå Sola i 1973, ville det vore ei enkel sak å få flyet dei 2–300 metrane frå rullebana og ned til hangaren der museet held til i dag. Det var berre å opne grinda og gje gass.

Slik er det ikkje i dag.

Flyet må fraktas over fylkesveg 509 som er ein av regionens mest trafikkerte vegstrekningar. Ni felt med vegbane, sykkelsti og gangveg må åpnes. Gjerder må fjernes, og entrepenør må fylle fleire grøfter.

Flyet må fraktas over fylkesveg 509, som er ein av dei mest trafikkerte vegstrekningane i regionen. Ni felt med veg, sykkelsti og gangveg må opnast. Gjerdet må fjernast, og ein entreprenør må fylle fleire grøfter.

Foto: Morten Nesvik / NRK

Gravemaskinen starta dagen etter at flyet landa

– Det skal ikkje så langt, men på dei få metrane frå flyplassen til museet ligg hovudvegen til landets tredje største flyplass. Her er det skilt, stolpar, lys, midtrabatt og gjerde som må vekk, fortel konservator og driftsleiar ved museet Sondre B. Hvam.

Konservator ved Jærmuseet, Sondre B. Hvam (til venstre) og Helge Nyhus frå museets venneforening seier at det er ein kjempejobb å få flyet på plass.

Konservator ved Jærmuseet, Sondre B. Hvam (til venstre) og Helge Nyhus frå museets venneforeining seier det er ein kjempejobb å få flyet på plass.

Foto: Morten Nesvik

– Me har sat i gang eit stort, mellombels ombyggingsprosjekt for å klare å få DC6-en over fylkesvegen. Det blir ein kjempejobb å få flyet med vengespenn på 36 meter inn på sjølve museumsområdet, seier han.

Ei gruppe med tidlegare tilsette i Braathens har jobba med å få flyet heim i elleve år. Ole Johan Berg frå museets venneforeining har vore med på arbeidet med å få flyet heim til Sola. Det har vore mange opp- og nedturar, fortel han.

– Det er lettare å få flyet heim frå Alaska enn over flyplassvegen. Det er eit utruleg puslespel å få flyet over til museet, seier han.

Leder for DC-6 prosjektet til Flyhistorisk museum på Sola, Ole Johan Berg.

Ole Johan Berg har jobba i over elleve år med å få flyet heim. Han seier at utruleg mykje ti har gått med på å få organiser flyttinga frå flyplassen til museet.

Foto: Morten Nesvik / NRK

Jobben skal gjerast av ein entreprenør i samarbeid med veneforeininga til flymuseet. Alle planar må godkjennast av kommunen, og politiet må stenge den travle vegen når flyet skal krysse.

Helge Nyhus i venneforeininga seier at gravemaskinen allereie var i gang dagen etter at flyet hadde landa.

Stor jobb å få flyet i utstillingsstand

Sjølv om flyet kom til Sola for eiga maskin, er det svært mykje som må gjerast før det opnast for publikum.

Åra med hardt arbeid som transportfly for gruveselskap i Alaska gjer at det ikkje minner om luksus og førsteklasse i kabinen akkurat no. Her er planen å få flyet tilbake i den stand det var i då det transporterte nordmenn til Syden på slutten av 60-talet.

Flyet ber preg av eit hardt liv etter mange års teneste som transportfly i Alaska. Kabinen skal dei neste åra bli som den var i tida hos Braathens.

Flyet ber preg av eit hardt liv etter mange års teneste som transportfly i Alaska. Kabinen skal dei neste åra bli som den var i tida hos Braathens.

Foto: Helge Nyhus

Men først må altså flyet fraktast til flymuseet.

– Eg trur me skal vere klare til å få flyet over vegen ei stund etter fellesferien, seier Sondre B. Hvam.

– Då vil me få flyet over vegen om natta, og ned til plassen me førebur nå.

Om alt går etter planen.

Entrepenør i gang med å lage plass til veteranflyet.

Entreprenør i gang med å lage plass til veteranflyet.

Foto: Morten Nesvik / NRK