Fredag blei det klart at Statoil skal redusera investeringane sine med 30 milliardar kroner dei neste tre åra.
Konsernsjef Helge Lund forsvarte og forklarte kuttet under selskapet sin pressekonferansen på Hilton London Tower Bridge i føremiddag.
LES OGS:
– Kyllingstad: Dramatisk
NHO-direktør i Rogaland, Halvard Ween, meiner Statoil sine varsla investeringskutt er udramatiske, og får støtte av dagleg leiar ved industribedrifta Malm Orstad i Klepp, Magne Orstad.
IKM-grundar Ståle Kyllingstad er av ei anna oppfatning.
– I realiteten blir dette kutt på investeringssida på 10 milliardar kroner i året. Dei er dramatisk, seier han til NRK.
Han poengterer at Statoil, som det største oljeselskapet på norske sokkel, er viktig for leverandørane.
– Statoil er viktig for heile bransjen, og er den største kunden for oss alle. For IKM står dei for 15–20 prosent av omsetnaden, seier han.
LES OGSÅ:
– Andre blir hardare ramma
Men det finst leverandørbedrifter der Statoil står for over 50 prosent av omsetnaden, ifølge Kyllingstad.
– Her får dagens nyheit dramatiske konsekvensar. Det blir ramma ganske hardt, seier han.
– Kva må de endra på når Statoil vil kutta så mykje?
– Først må me sjå korleis dette blir gjennomført i praksis, så for vår del kan eg ikkje svara på det nå.
Aibel: – Ingen solnedgang
Jan Skogseth er konsernsjef i Aibel. For dei er Statoil den største kunden. Men ifølge Skogseth får ikkje dagens kuttvarsel dramatiske konsekvensar.
– Dette er ingen solnedgang for leverandørindustrien. Statoil er viktige for oss, og dette vil merkast. Men industrien er framleis positiv, og det går framleis bra, seier han til NRK.