Hopp til innhold

Rus-ekspertar: – Kutt ut sprøytene - røyk heller heroin

Fagfolk ber rusavhengige kutta ut sprøytene og heller røyka heroin.

Video Røykeheroin

Rusekspert Gennau Smiths vil at rusavhengige kuttar ut sprøytene og heller bruker røyk for å ta inn narkotikaen.

– Å få narkotika i kroppen ved hjelp av sprøyter kan få store konsekvensar. Både for brukarane, men og for befolkninga generelt, seier rusekspert frå Nederland, Gennau Smiths.

Smiths nemner betre helsetilstand, færre tilfelle av HIV og færre nåler i gatene som positive ringverknader ved å byta ut sprøyter med røyk.

Les også: Kan få røyke heroin i sprøyterommet

Gir opplæring i røyking

Helse- og omsorgstilbodet for rusavhengige i Sandnes, FunkisHuset, har alt prøvd ut alternative metodar for dei narkomane. Nå vil dei gi opplæring i røyking av narkotiske stoff.

– Det er viktig at me veit litt om korleis ein faktisk kan røyka heroin. Men eg vil påpeika at dette ikkje berre handlar om heroin. Sprøytekulturen står nemleg veldig sterkt i Norge, seier dagleg leiar ved FunkisHuset, Åse Odland.

Ho viser til at mens berre 10–15 prosent av dei rusavhengige bruker sprøyter i Amsterdam, er det tilsvarande talet oppe i 90 prosent i Norge.

Positiv til røyking

Anita Tamminen har rusa seg i 28 år. Ho bruker både sprøyte- og røykemetoden for å få heroinen i kroppen, og merkar dei negative konsekvensane av sprøytebruken.

– Mange kastar frå seg sprøytespissar i gatene, noko som ikkje er bra for verken barn eller andre som går der.

Ho er positiv til tiltaket til FunkisHuset og håpar fleire endrar rusvane sine.

– Ved røyking slepp du å få store blåmerke på kroppen. Det gjer at du føler deg betre, seier Tamminen.