Hopp til innhold

– Eg følte meg heilt forferdeleg

Jakta på drøymekroppen lokkar rekordmange til konkurransar i kroppsbygging, men dette er ein ekstremsport, og kan i verste fall vera farleg.

Vilde Waksvik

NOREGSMEISTER: Vilde Waksvik er noregsmeister i bikinifitness, men seier ho ikkje følte seg så bra før konkurransen.

Foto: privat

– Eg følte meg heilt forferdeleg. Eg var konstant svolten og klarte ikkje tenkja på noko anna enn at eg ville ha mat.

Slik opplevde Vilde Waksvik tida fram mot noregsmeisterskapen i bikinifitness – som ho vann.

Bikinifitness

VERDSIDRETT: Kroppsbygging er ein stor, internasjonal idrett. Her frå ein internasjonal konkurranse i 2013 med Denisa Lipovska (i midten) Sally Yamamoto (t.v.) og Veronica Kapica (t.h.).

Foto: ALEXANDER KLEIN / Afp

Ekstremsport

Trening er trendy, på sosiale medium er såkalla bilete av seg sjølv om trenar for lengst blitt vanleg, og det som tidlegare var forbunde med Muscle Beach i California finn ein no på treningsstudio rundt om i heile Noreg.

Jakta på drøymekroppen lokkar rekordmange til konkurransar i kroppsbygging. Landsstemnet Sandefjord Open har aldri før hatt fleire påmelde, og slik er det også i andre konkurransar.

– Oslo Grand Prix hadde 220 deltakarar i fjor. I år er det allereie 230 som har meld seg på, og fristen går ikkje ut før til helga, så det kan koma endå fleire. Denne idretten har tatt heilt av, seier Tone Opheim, president i Norges kroppsbygger- og fitnessforbund.

Dette er ein ekstremsport som kan vera farleg, åtvarar psykolog Cecilie Byholt Endresen.

Cecilie Byholt Endresen

PSYKOLOG: Cecilie Byholt Endresen.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Me veit frå forsking på toppidrettsutøvarar, at det å driva med store treningsmengder over tid, der ein har låg feittprosent over tid, er skadeleg for kroppen, seier Endresen. Ho har lang erfaring frå arbeid med idrettsutøvarar.

– Eg vil kalla det ekstremsport. Du pushar kroppen til det yttarste, seier noregsmeister i athletic fitness for menn, Alexander Farrag Ladsten.

Vilde Waksvik og Alexander Farrag Ladsten

KROPPSBYGGARAR: Vilde Waksvik og Alexander Farrag Ladsten.

Foto: Ine Eftestøl / NRK
– Følte meg ikkje bra nok

Målet er minst mogleg underhudsfeitt for at muskulaturen skal syna godt når dei står på scena. Særleg for kvinnekroppen er dette hardt.

– Du kan mista menstruasjon, oppleva hårtap, mjukare negler og ting som tyder på at kroppen ikkje har det heilt bra. Den stenger av vanlege funksjonar for å spara energi, seier Hanne Høyland.

Ho starta med kroppsbygging hausten 2014, og lagar dokumentarfilm om kva ein må gjennom for å bli med i ein slik konkurranse.

Hanne Høyland

SNART I MÅL: Hanne Høyland er snart i mål med bikinifitness-prosjektet sitt.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Noregsmeister Waksvik beskriv seg sjølv som mentalt sterk, men innrømmer at det å tyna kroppen går hardt ut over hovudet.

– Du blir ganske blind på deg sjølv, du klarer ikkje sjå framgangen du har hatt. Eg følte meg ikkje bra nok, og eg vart litt rar i hovudet av det, seier ho.

Bikinifitness stadig mer populært.