– Gjennomsnittleg kjem me opp i fem til ti nærkontaktar. I dei meir sjeldnare tilfellene mellom 20 og 50, seier leiar for smittesporingsavdelinga i Stavanger kommune, Susanne Larsen.
Etter nyttår har Stavanger vore blant byane i landet med mest smitte.
Det siste døgnet har Stavanger universitetssjukehus fått seks nye covid-19-pasientar.
Beredskapssjefen ved sjukehuset kan ikkje hugsa at det har kome så mange pasientar på eitt døgn før under pandemien.
Fredag blei det også sett ny smitterekord med 58 positive koronaprøvar på eitt døgn.
«På tide å ta dette på alvor»
Det fekk kollega av Larsen, Sissel Fuglestad, til å legga ut ei krass melding til byens innbyggarar på Facebook.
Innlegget som startar med «Altså! Stavanger-folk, nå er det på tide med en alvorsprat!», har blitt delt over 750 gonger.
I innlegget skriv smittesporar Larsen om ein tøff arbeidskvardag med lange dagar og seine kveldar på jobb, sju dagar i veka. Oppfordringa er klar:
«Nå er det på tide at vi alle tar dette på alvor og gjør jobben som trengs!».
«Hold deg hjemme, hold avstand og vask hendene. Ikke reis på hyttetur, fest, trening eller familieselskap akkurat nå.»
Det er smittesporarane som har jobben med å avdekka nærkontaktar når nokon har testa positivt på covid-19.
– Det er så mykje enklare viss me har få nærkontaktar. Det var det eg prøvde å formidla i innlegget. Dersom me tar dette alvorleg, går det fortare over, seier Fuglestad til NRK.
Nordmenn har færre nærkontaktar
Generelt sett er likevel nordmenn blitt flinkare til å ha færre nærkontaktar, slik råda frå helsestyresmaktene er.
Det viser resultat frå Helsedirektoratet si befolkningsundersøking for veke 1.
- 68 prosent av befolkninga oppgir å berre ha hatt 1-5 nærkontaktar i løpet av den siste veka, mot 45 prosent ved førre måling.
- Andelen med 6-20 nærkontaktar har gått drastisk ned fra 48 prosent til 19 prosent.
– Generelt er det nå viktig at me held talet på nærkontaktar nede, for å redusera risiko for smitte og snu utviklinga med stigande smittetal, seier avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet, Line Vold.
Lærer opp personell til ekstravakter
Smittesporar Sissel Fuglestad i Stavanger understrekar at ho ikkje ønsker å legga meir stein til byrda for dei som nå er smitta av korona.
– Det handlar meir om at viss du har fire-fem du har vore saman med i staden for 25, så spreier du mindre smitte. Og så gjer du jobben lettare for oss smittesporarar.
Om lag 30 personar jobbar i dag ved smittesporingsavdelinga til Stavanger kommune.
Stort smittetrykk gjer at det nå blir jobba med opplæring av personell til ekstravakter.
– Arbeidsbelastninga er stor, men me er eit godt team og har hovudet over vatnet, forsikrar leiaren for avdelinga, Susanne Larsen.