Hopp til innhold

– Kommunar får for lite pengar for samanslåing

Ølen og Vindafjord fekk 30 millionar av staten då dei slo seg saman i 2006. Det dekka ikkje alle kostnadane, og dåverande ordførar i Vindafjord, Arne Bergsvåg (Sp), meiner regjeringa ikkje vil gi nok pengar til kommunar som seier ja til kommunesamanslåing.

Geir Pollestad (t.v.) Jarle Bø og Arne Bergsvåg (t.h.)

PÅ VALKAMPTURNE: Geir Pollestad, leiar i Næringskomiteen på Stortinget (t.v.), Jarle Bø, toppkandidat for Randaberg Senterparti og Arne Bergsvåg, toppkandidat for Senterpartiet i Rogaland (t.h.)

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Valglogo

Senterpartiet i Rogaland besøkjer alle 26 rogalandskommunar på tre dagar for å markera starten på valkampen. I bagasjen har dei med seg spesielt éi sak: kommunesamanslåing.

– Dei viktige sakene i haustens val vil vera kommunestruktur, og at innbyggjarane får seia si meining. Difor er ein av dei tinga me gjer å oppmoda lokalt at ein får folkerøysting om ei eventuell samanslåing, seier Arne Bergsvåg, som står på toppen av lista til Senterpartiet i Rogaland.

– Gulrota er ikkje god nok

Kommunesamanslåing er noko som Bergsvåg har erfaring med. Han var nemleg med på samanslåinga av Ølen og Vindafjord i 2006, og vart den første ordføraren i den nye kommunen.

Men sjølv om både senterpartiordføraren og folket var positive til samanslåinga, vart prisen i etterkant mykje høgare enn dei hadde venta. Dei fekk om lag 30 millionar av staten, noko som gav dei mange år med veldig stramme budsjett.

Arne Bergsvåg

DEN GONG DÅ: ... Arne Bergsvåg (Sp) var ordførar i den nye storkommunen.

Foto: Vindafjord Kommune

– Me hadde nokre år rett etter samanslåinga der me sleit veldig med store underskot. Det er alltid mange usynlege kostnadar med å få ein organisasjon til å fungera. Du skal endra heile den administrative organisasjonen, du skal flytta på folk, du må ha nye datasystem for at alt skal passa i lag og du skal byggja nye kulturar.

Ville fått mindre i dag

I samband med kommunereforma tilbyr regjeringa kommunane økonomisk støtte. Støtta varierer ut ifrå talet på kommunar som slår seg saman og innbyggjartal. Hadde Vindafjord og Ølen slått seg saman i dag hadde dei fått totalt 25 millionar kroner. Altså fem millionar kroner mindre enn dei fekk i 2006.

Geir Pollestad

GIR STØTTE TIL PARTIFELLEN: Geir Pollestad.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Det er i tillegg til at kroneverdien er ein heilt annan enn den var den gong. Så det viser at me fekk for lite pengar den gongen, og det viser også budsjetta våre i ettertid. Gulrøtene dei tilbyr er ikkje gode nok, seier Bergsvåg, som får støtte av partikollega Geir Pollestad, som er leiar i Næringskomiteen på Stortinget.

– Det kan høyrast ut som store pengar, men ein undervurderer kostnaden med å slå seg saman. Det er heller ingen som kan seia at det blir billegare å driva tenestene etterpå. Det å slå seg saman for å spara pengar, det er lura innbyggjarane, seier Pollestad.

– Støtta er dekkande

Jardar Jensen

MEINER DET ER NOK: Statssekretær Jardar Jensen (H).

Foto: Linda Reinholdtsen

Jardar Jensen (H), statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, er ikkje samd i at dei gir for lite.

– Eg kjenner ikkje godt nok til kva som ligg i dei kostnadane som han refererer til, og då kan eg ikkje uttala meg om det. Men me har tatt utgangspunkt i alle dei samanslåingane som har vore, og meiner den støtta som blir gitt skal vera dekkande.