Hopp til innhold

– Kjenner ein seg uthengt på nett kan det vera tungt å gå til politiet

Ekspert på sosiale medium meiner politiet bør involvera seg meir når det er fare for at fleire jenter blir hengt ut på nett.

Snapchat-ikonet

Snapchat er ein applikasjon for smarttelefon der ein kan dela stillbilete og videoar.

Foto: LIONEL BONAVENTURE / Afp

Jenter blir filma i dusj

JENTER I DUSJ: Fleire av videoane, som denne, er filma av andre enn dei som blir eksponert. Det er derfor umogleg for administratoren av kontoen å vita kven som er med på leiken og kven som ikkje er det. (Bilete er skjermdump tekne av NRK for dokumentasjon, dei har blitt sladda i etterkant)

Foto: Faksimile frå Snapchat

– Dersom nakne jenter blir tekne bilete av, utan dei er klar over det, og det deretter blir delt, er det enormt uetisk og veldig dårleg gjort, seier Berit Skog, som er ekspert på barn, unge og vaksne sin bruk av sosiale medium ved NTNU.

NRK har i dag fortalt om ein Snapchat-profil med 10.000 følgjarar der det blir distribuert mange svært intime og utleverande bilete.

Politiet har dei i kikkerten

Fleire av bileta er tekne av andre enn dei som blir eksponert. Administratoren for kanalen – som er frå Jæren-området – kan derfor ikkje vera klar over om dei som er på bileta er med på leiken. Nokre av jentene på bileta ser endå til ut som om dei ligg og søv, eller er overstadig rusa. I tillegg blir det lagt ut bilete av narkotiske stoff og folk som køyrer for fort.

Politiet seier til NRK at dei har den spesifikke kanalen i kikkerten, men at inga etterforsking blir aktuell før nokon melder det. Skog meiner politiet burde vore meir aktive.

Berit Skog

Berit Skog er ekspert på barn, unge og vaksne sin bruk av sosiale medium ved NTNU. Ho seier det kan vera tungt å gå til politiet dersom ein kjenner seg hengt ut på nett.

Foto: NTNU info

– Med atterhald om at dette er eit taktisk utspel frå politiet, meiner eg dei burde teke det meir alvorleg. Spesielt med tanke på at mykje her er juridisk sett veldig i gråsona. Politiet har eigne einingar som jobbar med denne type problemstillingar, dei burde nok blitt brukt i dette høve, seier Skog til NRK.no.

Ho understrekar også at det kan vera belastande for unge jenter å gå til politiet med slike saker, med tanke på at dei då utleverer seg sjølv.

– Me følgjer med, og skulle det koma noko me meiner er skikkeleg gale vil me sjølvsagt gripa inn, men på nåverande tidspunkt følgjer me berre med, seier lensmann i Klepp Hans Kyllingstad, då han blir konfrontert med meiningane til Skog.

– Me mobbar ikkje

Administratoren av kanalen, som vil vera anonym, seier til NRK at dei held seg innanfor norske lovar og at dei har gode hensikter.

– Hovudregelen for det me legg ut er at det skal vera interessant og underhaldande for eitt stort publikum, skriv han til NRK.

Administratoren hevdar han kan få inn så mykje som eitt bilete kvart tiande sekund.

– Eg er ikkje samd i at me mobbar. Det blir ikkje lagt ut snappar som er personleg stygge mot folk. Likevel kan mange snappar vera veldig provoserande, utan at nokon blir hengt ut eller ønska vondt.