Hopp til innhold

– Kjeftar for mykje på ungane si dataspeling

– Ungane får ikkje respekt for det som er den største lidenskapen deira, seier Anne Solfrid Brennhovd i medieorganisasjonen Barnevakten.

La ungene spille data

Dataspel og andre aktivitetar framfor ein dataskjerm har dei siste tiåra teke eit stadig større jafs av mange born og unge si fritid.

Dataspel og andre aktivitetar framfor ein dataskjerm har dei siste tiåra teke eit stadig større jafs av mange born og unge si fritid. Det kan gå utover meir tradisjonelle fritidssyslar som foreldregenerasjonen vaks opp med. Men konfliktar om tidsbruk framfor skjermen gir dårleg stemning i heimen, fortel Brennhovd

Anne Solfrid Brennhovden

BARNEVAKT: Anne Solfrid Brennhovden i Barnevakten oppfordrar foreldre til å visa interesse for ungane sine interesser - også når det gjeld dataspel.

Foto: Erik Sergio Auklend / NRK

– Det blir mykje masing om at ungane må leggja vekk skjermen, at dei ser på feil ting, at dei har spelt for mykje, at dei har vore for lenge inne og at dei heller bør gjera noko fornuftig.

For mykje «Tante Sofie-haldningar»

Ein britisk studie frå 2014, som Dagbladet omtalte, syner at ungar som spelar litt dataspel kvar dag, har det betre enn dei som ikkje gjer det. Men studien synte også at for dei som spelar over tre timar om dagen kan det få motsett effekt.

– Ungane får ikkje respekt for det som er den største hobbyen deira. Allereie frå dei er ganske små, så står foreldra på bremsen, seier Brennhovd.

– Det er frustrerande for mange som spelar mykje. Dei klarar seg godt, har gode karakterar, mange vener og gode framtidsutsikter. Det går bra med dei aller, aller fleste, og eg tykkjer det er litt synd at det har vore litt mykje «Tante Sofie-haldningar» blant foreldra, seier Brennhovd.

– Dersom noko går gale, tenkjer ungane at mamma og pappa kan bli sinte, i staden for å tenkja at foreldra er der for å hjelpa.

Min Chul «MC» Jang

VERDENSIDRETT: E-sport er veldig stort på verdsbasis, og i Sør-Korea er det blant landets største sportar. Fleire millionar ser dei største turneringane, og dei beste spelarane er å rekne som store kjendisar. Min Chul «MC» Jang blir rekna for å vera ein av verdas beste spelarar i dataspelet Starcraft 2.

Foto: The eSports League / ESL

– Sjå på kva ungane gjer

Ho oppfordrar foreldra til å setja seg ned i 15 minutt for å observera kva ungane brukar tid på framfor skjermen.

– Dei skal ikkje seia noko, men berre observera, og så kan dei prata om det etterpå, seier Brennhovd.

På Gosen skole i Stavanger finst det mange som brukar fleire timar om dagen på dataspel, og som kjenner seg att i at foreldra kanskje klagar litt mykje. Blant dei er Amalie Lindahl.

– Eg spelar tre-fire timar kvar dag, mest på PlayStation.

– På ein skala frå ein til fem, kor begeistra er foreldra dine for spelinga di?

– Ein, dei likar det ikkje i det heile, flirer ho.