Hopp til innhold

– Ja, det har vore mykje sjikane

– Nokon la ut tiltalen med bilete av meg på Twitter, fortalte guten som meiner Birkedal har utsett han for seksuelt overgrep i retten i dag.

Birkedal og fornærma i det mest alvorlege tiltalepunktet

Birkedal og fornærma i rettssalen.

Foto: Teikning: Ingrid Haukelidsæter

Rettssaka om Trond Birkedal er inne i siste fase. Prosedyrane starta omtrent klokka halv eitt.

Psykologen til guten som meiner Birkedal har utsett han for seksuelt overgrep, Tale Strand Skaslien, forklarte seg i retten i dag. Ho fortalte at han har slite mykje etter Birkedal-saka kom fram i media, tre år etter det påståtte overgrepet. Mellom anna med eteforstyrringar, svevnvanskar og post traumatisk stress reaksjonar.

– Ikkje hatt grunn til å tvila

Forsvarar for Birkedal, Arvid Sjødin, stilte spørsmål med kor truverdig fornærma har framstått:

– Eg har aldri funne nokon grunn til å tvila på det han har fortalt. Historia hans har vore lik kvar gong den har blitt fortalt, sa Skaslien.

Fornærma sjølv var også i vitneboksen for tilleggsspørsmål i dag. Han blei mellom anna spurd om sjikanar i etterkant av at han anonymt fortalde historia si i Dagbladet i fjor:

– Ja, det har vore mykje sjikane. Nokon la mellom anna ut tiltalen på nettet, der dei la bilete av meg med. Dette blei delt av fleire hundre på Twitter.

Uklar forklaring

Det blei også gjort eit forsøk på å forklara opp eit sprik som har vore i forklaringane til fornærma og venane hans. To veninner har fortalt at dei alle møtte leiar i FpU Ove Vanebo og fortalte om overgrepet på sommarleiren 2009.

Dette sa fornærma i si første forklaring ikkje hadde skjedd. Men i dag var forklaringa annleis:

– Eg var kanskje litt uklar i forklaringa. Eg var der men eg sa ingenting, seier guten til NRK.no.