Blant anna har Statoil betalt 3,1 milliardar kroner i såkalla signaturbonusar til presidenten i landet og nesten 300 millionar kroner til ulike sosiale prosjekt. Selskapet har ikkje full kontroll med at pengane verkeleg går til det dei skal, ifølgje Vårt Land.
– Kan ikkje krevje innsyn
Delar av den siste summen er betalt til eit forskingssenter som blir drive av det angolske statsoljeselskapet Sonangol. Både den britiske organisasjonen Global Witness og det norske Verdensmagasinet X har prøvd å finne bevis på at forskingssenteret eksisterer, utan å lykkast.
Informasjonssjef Bård Glad Pedersen i Statoil seier til avisa at Statoil ikkje kan krevje innsyn i korleis angolske styresmakter bruker milliardane dei får frå det statseigde norske oljeselskapet.
– Utstrakt korrupsjon
Forskar Inge Amundsen ved Chr. Michelsens Institutt meiner Angola må reknast som eit familiestyrt diktatur og peiker på at statsleiar Jose Dos Santos har styrt landet sidan 1979. Over 50 prosent av Angolas innbyggjarar lever under FNs fattigdomsgrense, og landet er gjennomsyra av korrupsjon.
– Korrupsjon er hovudårsaka til fattigdommen og dei sosiale problema i Angola, seier korrupsjonsforskar og Angola-ekspert Tina Søreide ved Universitetet i Bergen.
Det internasjonale pengefondet har tidlegare avslørt at rundt 180 milliardar kroner forsvann frå statskassa til landet i perioden 2007 til 2010.