Hopp til innhold

– Inga turnering skal kosta meir enn 2.500 kroner for foreldra

Skyhøge prisar for barns fritidsaktivitetar har fått idrettslaget Brodd i Stavanger til å ta grep. Dei har sett eit tak for kva det skal kosta å delta på turneringar og turar.

Barn spiller fotball

DYR MORO: Å ha barn som spelar fotball kan vera dyr moro. Eigendelen på lagturar kan koma på fleire tusen kroner.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com / Colourbox

Øyvind Jacobsen

Øyvind Jacobsen sit i Stavanger bystyre for Ap og er dagleg leiar i IL Brodd.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg måtte sjølv setja foten ned i fjor, då jenta mi ville på tur for 5.000 kroner for fem dagar. Eg måtte sei til styret at eg ikkje hadde råd, og at dei måtte finna på noko anna neste år. Så i år blir det tur til Mandal, fortel leiar i Stavanger KrF, Ann Kristin Bruns.

Både ho og Ap-politikar i Stavanger bystyre Øyvind Jacobsen er opprørte over situasjonen der det har blitt vanleg å betala dyre summar for turar til utlandet for barna i regi av fritidsorganisasjonar.

– Det skal ikkje skje

Tidlegare i dag skreiv NRK at Idrettsrådet i Stavanger opplever at foreldre som har mista godt betalte jobbar nå ber om økonomisk hjelp. Jacobsen, som også er dagleg leiar i Idrettslaget Brodd, fortel at dei har teke konsekvensen av utviklinga.

Anne Kristin Bruns

Anne Kristin Bruns er leiar i Stavanger KrF og sit også i bystyret.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Me har kome fram til at me ikkje kan tilby noko som helst av aktivitetar, utan at det er eit makstak på 2.500 kroner. Skal ein reisa dyrare enn det, så må laget saman jobba inn resten av pengane på dugnad, seier han.

Han meiner at det er idrettslaga, foreldra og det offentlege som må ta grep for at utviklinga ikkje skal halda fram, for slik det er nå hamnar folk utanfor.

– Det er heilt forferdeleg, og det skal ikkje skje, at barn sluttar i idrett på grunn av økonomi. Det er alt for mange som har det alt for godt, desse har stilt alt for høge krav til det barna deira skal vera med på. Nokon har falt utanfor, og eg er redd for at endå fleire vil gjera det nå, seier han.

Opp til kvart enkelt idrettslag

Jacobsen meiner at økonomiske tak er ei fin løysing, men i tillegg meiner han støtta til idrettslaga må bli større, slik at dei kan vera robuste nok til å ta seg av ungar som kan vera i faresona for å hamna utanfor.

– Beløpet på aktivitetstilskotet har ikkje endra seg sidan slutten av 80-talet omtrent, seier han. Han meiner at KrF som er i posisjon kunne gjort ein større jobb for å auka dette.

– Me har vore pådrivar til dette i mange år, og det er me som frontar fattigdomssaka i fleire samanhengar, seier Burns.

Ho meiner at det ikkje vil vera ein god ide å sei at alle må innføra tak på eigendelane heller.

– Eg meiner det blir opp til kvar enkelt idrettslag og organisasjon å diskutera dette og finna gode løysningar, for familiane som slit kan det vera eit godt råd å gå til NAV og søkja om støtte for ein periode, sjølv om det kan opplevast som vanskeleg, seier ho.