NRK Meny
Normal

– Ikkje tid til to oljemesser på hausten

Ståle Kyllingstad var skeptisk til oljemessa ONS Norway frå første stund, mens messekonkurrenten OTD ikkje har merka noko til oljenedgangen. Det er denne nedgangen ONS-direktør Leif Johan Sevland forklarer avlysinga av ONS Norway med.

Ståle Kyllingstad i ROV-simulatoren de bruker for å trene opp ansatte

Ståle Kyllingstad meiner det ikkje er tid til å mobilisera innsats mot to messer som rettar seg mot leverandørindustrien på tre månader. Her testar han ROV-simulatoren dei brukar for å trena opp tilsette.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

– Me opplever ikkje nedgangen og dei store utfordringane i bransjen. Me har alt over 300 selskap som er påmelde vår oljemesse som er i Stavanger i oktober i år. Me held definitivt på som planlagt, seier OTD-general Peter Keilen.

OTD er ei stor messe for leverandørindustrien til oljebransjen, som annakvart år blir arrangert i Bergen, og annakvart år i Stavanger.

Kilen legg til at det er beklageleg og synd for industrien at ONS Norway blir avlyst i år. ONS Norway blei arrangert for første og foreløpig einaste gong i 2013.

– Ikkje tid til to arrangement

Peter Kilen

OTD-general Peter Keilen.

Foto: NRK

Administrerande direktør for ONS, Leif Johan Sevland, forklarer kanselleringa med få utstillarar på grunn av låg oljepris, låg aktivitet og stor uvisse i bransjen.

– Med nedgangen i bransjen er det kanskje viktigare enn nokon gong å vera på dei rette møteplassane. Industrien har behov for å møtast og diskutera utfordringane. Nå ser det ut til at OTD er det føretrekte alternativet, seier Keilen.

IKM-gründer Ståle Kyllingstad var blant dei som var skeptisk til ONS Norway frå første stund. Han meiner også i dag at det var unødvendig å stabla messa på beina.

– Det er ikkje tid til å mobilisera innsats mot to arrangement på tre månader (OTD går av stabelen i oktober, ONS Norway var sett opp i august, jour. merk.), seier han.

– For mange oljemesser

Anne-Grete Ellingsen er klyngleiar i nettverket NODE, som var med på ONS Norway i 2013. Ho seier at avlysinga i år kan vera utslag av lågare oljepris og redusert aktivitet, at arrangøren ikkje lukkast med å bygga opp den heilt nye messa – eller ein kombinasjon av dette.

Anne-Grete Ellingsen

Anne-Grete Ellingsen er klyngleiar i nettverket NODE på Sørlandet.

– Det har vore for mange oljemesser og konferansar i Norge. Det er derfor ikkje unaturleg at det blir noko avskaling, spesielt når oljeprisen nå er halvparten av kva den var for eitt år sidan.

ONS-direktør Leif Johan Sevland avviser at ONS Norway blei ein flopp.

– Dette er ikkje Sevland sitt verk, men noko heile organisasjonen har stått bak. Me låg god an, men på nyåret sa det stopp og me fekk ein god del kanselleringar. Me vil ikkje levera dårleg varer, derfor legg me arrangementet ned, seier Sevland.