– Ikkje langt frå politisk sjølvmord

Biskop i Stavanger bispedøme, Erling J. Pettersen, er glad for forslaget frå KrF. Han trur likevel ikkje dei har noko politisk å vinna på det.

Erling J. Pettersen

Erling J. Pettersen er biskop i Stavanger bispedøme. Han ønskjer forslaget frå KrF velkommen, men meiner det kan vera eit politisk sjølvmord for partiet.

Foto: Ole Andre Lagmanndokk / NRK

– Eg ser på dette som eit interessant uttrykk for at KrF ser at dette faktisk er eit ønske hos fleire folk, seier biskop Erling J. Pedersen.

Det blei i dag kjent at programkomiteen til Kristeleg Folkeparti, med Dagrun Eriksen i spissen, vil endra på ekteskapslova. Dei vil tryggja juridiske rammer rundt samlivet til homofile.

KrF vil utrede en ordning der samliv mellom to voksne mennesker reguleres i en samlivslov og sikre trossamfunnenes rett til selv å definere ekteskapet og hvem de ønsker å vie.

Programmkomiteen til Kristeleg Folkeparti

– Politisk harakiri

Sjølv om biskopen er glad for forslaget, trur han ikkje partiet gagnar på det.

– KrF er modige, og eg trur dei får ein intens debatt. Politisk sett er det nok likevel ikkje langt frå harakiri, men som eit uttrykk for at dei tar folk sin livssituasjon på alvor er det bra.

Han trekk fram at det blei gjort forsøk på ei liknande endring i partiprogrammet for fire år sidan, men at Dagfinn Høybråten den gong sette ein stoppar for det.

– Eg trur det er eit kontroversielt forslag, særleg her i Rogaland. Men eg helsar det velkommen sidan det opnar for ein politisk debatt om samlivsform, og eg trur det er riktig å opna for at dette kan bli gjort i ei lovform, seier biskopen.

– Vil du ha ekteskap mellom homofile inn i den norske kyrkja?

Gro Skartveit

Gro Skartveit (V) forlét KrF i 2001 etter å ha fått seg ei kvinne som kjærast.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Eg er positiv til at homofilt samliv kan skje og finna ein ordna plass. Samlivsutvalet vårt leverer nå inn innstillinga si, når me får sjå utfallet av denne vil eg også gå inn i debatten også frå min ståstad.

– Utspelet frå KrF er veldig interessant, det kan rydda opp i mykje som nå er ganske uryddig på lovområdet, avsluttar biskopen.

Blei støtt ut frå KrF

Hausten 2001 forlét Gro Skartveit Kristeleg Folkeparti. Ho opplevde at det ikkje var rom for ho i partiet etter ho fekk seg ein kvinneleg kjærast.

– Det blei mykje diskusjon, og det var mange som ikkje aksepterte dette, seier Skartveit som nå representerer Venstre, og er ordførar på Finnøy.

Ho trur på lik linje med biskopen at KrF kan ta skade av det nye forslaget.

– Det er sjølvsagt bra at dei tar diskusjonane, men eg trur ikkje dei toler så mange slike saker, seier ho til NRK.no.

Skartveit meiner at KrF har eit behov for å samla seg, noko denne diskusjonen ikkje vil bidra til.

– Dette vil skapa uro i partiet. Det er i slike saker Kristeleg Folkeparti blir splitta, seier ho.

Flere nyheter fra Rogaland