Hopp til innhold

– Ikkje la gigantfunnet ligga

Det er ingen god idé å la det gigantiske oljefunnet Aldous/Avaldsnes i Nordsjøen ligga, meiner oljeanalytikar.

Thina Saltvedt, råvareanalytiker i Nordea

Oljeanalytikar Thina Saltvedt meiner ein ikkje kan la det nye oljefunnet Aldous/Avaldnes i Nordjøen ligga. - Ved å utdanna fleire fagfolk kan ein ta hand om nye oljefelt, meiner ho

Foto: Johan B. Sættem

Oljeanalytikar Thina Saltvedt i Nordea Markets meiner at sjølv om bustadmarknaden i Stavangerregionen vil oppleva betydeleg press når det blir meir oljeaktivitet, er fordelane for store til å la vera.

Fleire kritikarar

Fleire har tidlegare meint at ei utbygging av Aldous/Avaldsnes, som blir rekna for å vera blant dei størte oljefunna på norsk sokkel, vil vera uheldig.

Bystyremedlem for Miljøpartiet Dei Grøne i Stavanger, Torfinn Ingeborgrud, har vore blant kritikarane.

Torfinn Ingeborgrud

Torfinn Ingeborgrud, Miljøpartiet Dei Grøne

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Han har sagt at det er for lite fagfolk til å takla meir oljeutvinning, i tillegg til at uroa i den europeiske økonomien gjer det uheldig å «pumpa opp» meir pengar til Oljefondet. La heller olja ligga på havbotnen, meiner han.

Les også: Eit av verdas største

Les også: Statoil dobler gigantfunn

– Kan sikra arbeidsplassar

Oljeanalytikar Saltvedt meiner på si side at det er for mykje kunnskap og behov til at ein kan venta med å bygga ut det ny oljefeltet.

– Dette funnet gjer det muleg å sikra arbeidsplassar i lang tid framover. I tillegg er det bygd opp spesialkompetanse på olje i Stavanger-området som det er nødvendig å vidareutvikla.

Les også: – Nordsjøen er hot, ennå

– Må utdannast fleire fagfolk

Ho meiner styresmaktene nå må legga til retta for at det blir utdanna nok fagfolk til å dekka det auka behovet for ingeniørar i oljebransjen.

– Når etterspurnaden etter ingeniørar blir stor, fører det til høgare lønningar. Dette er utfordrande, derfor må det utdannast fleire fagfolk.

Aldous/Avaldsnes

Kart over oljefunnet Aldous/Avaldsnes.

Foto: Statoil