NRK Meny
Normal

– Her er det eigentleg minus-djupn!

Dei aller fleste som i dag blei stoppa i kontroll i Sola og Sandnes hadde fått med seg dei nye reglane om mønsterdjupn på tre millimeter. Men eitt par skrekkeksempel var det.

Mønsterdybde

SKREKKEKSEMPEL: Slik såg dekka ut på ein bil (t.v.) og ein tilhengar (t.h.) som blei undersøkt av Vegvesenet i dag.

Foto: Vegvesenet

I halvanna veke har dei nye reglane om mønsterdjupn på bildekk vore gjeldande. Det har blitt varsla kontrollar i samanheng med regelendringane, og i dag var Vegvesenet ute på Nord-Jæren.

To av 40

Av 40 bilar som blei stoppa var det berre to førarar som fekk gebyr. Dette var til gjengjeld svært alvorlege tilfelle.

– Den eine føraren kom køyrande på fire blanke dekk i pøsregn. Det er ein stor fare for trafikktryggleiken å køyra på dekk som ikkje har køyreeigenskapar, seier Merethe Nilsen, som er utekontrollør i Vegvesenet.

Føraren måtte betala 750 kroner per dekk, og kom dermed opp i ei bot på 3000 kroner.

Varslar fleire kontrollar

Det andre graverande eksempelet var på ein tilhengar der bremsene hadde låst seg.

– Føraren har slite dekka heilt heilt ned til corden, seier Nilsen.

Sjølv om dei fleste hadde fått med seg endringa vil ho ikkje kalla resultatet oppløftande. Ho varslar at Vegvesenet framover vil ha fleire kontrollar med spesielt fokus på mønsterdjupn og lys.