– Eg heiar på artistane frå vår region, seier Janove Ottesen til NRK.no på den raude løparen i forkant av Spellemannshowet i kveld.
Saman med dei andre karane i Kaizers Orchestra blei han kåra til Årets Spellemann under fjorårets prisutdeling (for året 2012).
Klokka 20.55 gjekk startskotet for musikkfesten i Stavanger konserthus. Dette er andre året Spellemannshowet blir arrangert i Stavanger og heile sendinga kan du sjå på NRK.no her.
– Kven trur du har vinnarsjansar i år?
– Kvelertak er jo alltid aktuelle, seier Ottesen.
Metallbandet Kvelertak er blant fem rogalandsnominasjonar til Spellemannpris i kveld.
Bandet gav ut det kritikarroste albumet «Meir» i året som gjekk, og er nominert i metall-klassen.
Sundfør kan få pris for årets hit
Blant andre frå Rogaland som er nominert til Spellemann i år er gitarist Bjørn Berge frå Haugesund. Han er nominert i blues-kategorien for albumet «Mad Fingers Fall».
Stavanger-pianist Christian Ihle Hadland er nominert i klassisk-klassen for eit Mozart-album med Oslo-Filharmonien og Arvid Engegård.
The Low Frequency In Stereo frå Haugesund er nominert i klassen popgruppe. Dei gav ut albumet «Pop Obskura» i fjor.
Susanne Sundfør og Røyksopp er med i klassen for årets hit med «Running To The Sea».
Dybdahl og Eidsvåg ikkje nominerte
Det betyr at etablerte rogalandsartistar som Thomas Dybdahl («What's Left Is Forever») og Bjørn Eidsvåg («Far faller») ikkje er nominerte for sine albumutgivingar i 2013.
PS: Under Spellemannutdelinga i fjor stakk Rogaland av med heile sju prisar. Med berre fem nominasjonar i år, blir det vanskeleg å toppa dette i år.
SJÅ VIDEO FRÅ DEN RAUDE LØPAREN: