NRK Meny
Normal

– Hardt for både meg og mine tolv tilsette

På nyåret fekk Roger Vik (21) realisert den store draumen – å opna bakeri i heimkommunen Sauda. Laurdag 14. mai brann bakeriet ned til grunnen.

Bakeribrann i Sauda

Brannen laurdag 14. mai førte til evakuering av store delar av Sauda sentrum.

Foto: Eirik Birkeland

– Dette er hardt for både meg og mine tolv tilsette når heile greiene plutseleg berre forsvinn, seier Roger Vik, dagleg leiar av Øyra bakeri i Sauda.

Laurdag 14. mai brann bakeriet hans ned til grunnen, og store delar av Sauda sentrum blei evakuert. Vik var sjølv til stades då det tok til å brenna på morgonen.

– Då det begynte å brenna var det panikk; finn brannslangen og få det sløkt. Då me fekk ein person springande på døra, og pipa stod i full fur, visste me at me ikkje hadde fått sløkt brannen.

17. mai blei ikkje som planlagt

Roger Vik

Roger Vik, dagleg leiar av Øyra bakeri i Sauda.

Foto: Privat

Den unge bakaren fortel at det var ventilasjonsrøyret som tok fyr ovanfor steikeomnen.

– Ventilasjonsrøyret var delt i to og flammane stod ut frå begge sider.

Vik og medarbeidarane hans fekk først sløkt brannen inne i bakeriet. Men då dei blei gjort merksame på brannen i pipa, ringde dei brannvesenet så fort dei kunne.

– Korleis blei nasjonaldagen?

– Den blei litt tam og ikkje som planlagt. Det blei ikkje mykje bollar i toget, for å seia det slik.

21-åringen har fått mykje sympati frå lokalsamfunnet etter brannen. Mange av tilbakemeldingane går på at han må stabla bakeriet på beina igjen og ikkje gi opp.

– Korleis ser framtidsutsiktene ut?

– Først og fremst må me planlegga korleis me skal få levert brød til våre faste kundar. Men målet på sikt er å få reist opp bakeriet igjen.

Bakeribrann i Sauda

Rosar saudafolket

Roger Vik er berre 21 år, og fekk på nyåret oppfylt draumen om eige bakeri i heimkommunen. Læretida tok han i Stavanger.

– Det har vore kanongøy. Saudafolk tar imot deg med opne armar. Då er det litt lettare å starta med noko.

Ifølge Haugesunds Avis er ikkje brannårsaka klar.

– Me håpar å få klarlagt hendingsgangen og få sjekka ut dei opplysningane me alt har. Det er for tidleg å seia om me får oppklart årsaka, seier lensmann Siri Indrebø til avisa.

Øyra bakeri i Sauda brenner lørdag morgen. Flere har blitt evakuert og det er fare for spredning.

Video frå brannen i Sauda 14. mai.