Hopp til innhold

– Håper den blir «catch of the day»

Turistar frå heile verda flokka seg rundt denne flyndra då dei såg den i Vågen i Stavanger. Ikkje lenge etter hadde ein av cruisebåtturistane fiska den opp med stonga si.

Kaifiske i Stavanger

KAIFISKE: Bjørn Erik Julseth sjekkar ut den 7 kilos flyndra, som blei dregen opp like utanfor cruisebåten The World i Vågen i Stavanger.

Cruisebåtane har kome til Stavanger, og turistane er godt synlege i heile byen. Torsdag ettermiddag fekk mange passasjerar frå cruisebåten The World seg eit syn, då dei såg ein svær fisk symja rundt mellom Cruisebåtane.

– Mange fann fram kamera. Ein lurte på om det kunne vera ei rokke, fortel Bjørn Erik Julseth, som har tatt imot passasjerane på båten som har 106 leilegheiter.

Han har aldri vore med på liknande, med ein så stor fisk som leikar seg i overflata mellom båten og kaien.

Ikkje lenge etterpå fisken var observert hadde ein av turistane funne fram fiskestonga og fekk drege fisken opp på land.

– Det er truleg ein Piggvar på om lag 7 kilo, fortel Julseth.

Og fisken hadde stor appell for dei utanlandske turistane.

– Dei er i ekstase og har flokka seg rundt den sprellande fisken. Nå håper eg at kokken på The World kjem ned og lagar fisken til som «catch of the day».

I alle tilfelle vil fisken i alle fall bli «dagens oppleving» for turistane.