NRK Meny
Normal

– Klienten min blei angripen med ei kjøtøks før han stakk med kniv

Den drapstiltalte 21-åringen meiner at drapet på Dale i februar skjedde etter han sjølv blei angripen med ei kjøtøks.

Advokat Svein Kjetil Lode Svendsen

HANDLA I NØDVERJE: Advokat Svein Kjetil Lode Svendsen meiner at klienten hans handla i nødverje så han drepte Arman Palani i februar i år.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Dette var ikkje eit gjengoppgjer. Det var eit forsoningsmøte som fekk ei brå endring, sa advokat Svein Kjetil Lode Svendsen innleiingsvis i Jæren tingrett i dag.

Han forsvarar den tsjetsjenske 21-åringen som er tiltalt for drap på Dale asylmottak i Sandnes i februar.

Overraska over aktor

Svendsen seier at han blei overraska over at aktor i si innleiing vagt antyda at kurdarane som kom til Dale på drapsdagen kunne ha hatt våpen.

– Frå denne sida er det nemleg utvilsamt at avdøde hadde med seg ei kjøtøks, og at dei andre som også kom til staden var væpna, seier Svendsen, og rettar kritikken sin mot aktor Tormod Haugnes.

Det dei begge er samde om er at konflikta som var mellom dei to miljøa blei skværa opp utan vald, men at konflikta eskalerte då det kom fleire kurdarar til staden.

Det var då det fatale knivstikket skjedde.

– Blei sjølv angripen

– Klienten min blei angripen med ei kjøtøks, det var då han stakk denne eine gonga med kniv, seier Svendsen.

Kniven skal tiltalte ha funne i bilen sin etter han blei overraska over at dei andre var væpna.

Kjøtøksa, som blei funnen på åstaden i etterkant av drapet, blei også nemnt av aktor. Men Haugnes seier at det ikkje er sikkert at denne var ein del av konflikta.

– På denne øksa har ikkje politiet funne tekniske spor, sa han i innleiinga si.

– Knivstikk ikkje risp

Advokat Inger Marie Sunde

Advokat Inger Marie Sunde reagerte også på aktor si innleiing i saka.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Inger Marie Sunde meiner reagerte også på korleis aktor la fram saka. Ho stiller endå til spørsmål med om rettssaka kan gjennomførast utan to av dei medtiltalte (ein møtte ikkje opp, medan ein annan er sendt ut av landet).

Klienten hennar er tiltalt for vald i samanheng med konflikta som har bygd opp til drapet.

Denne tiltalte blei også utsett for handlingar som gav han eit sår i armen. Aktor kalla dette eit risp.

– Klienten min blei knivstukken gjennom mange lag med kniv. Dette var ikkje eit risp, men eit knivstikk, sa ho i innleiinga si.

Ho meiner også at retten må ta stilling til om rettssaka kan gjennomførast utan dei to aktørane som har vore viktigast i konflikta som skjedde før drapet.