– Nokre strekk ser veldig interessante ut når me berre ser på marknadsgrunnlaget. Men det gjenstår å sjå om dei same strekningane er like interessante når me tar med prisen på å byggja dei ut, seier prosjektleiaren for Jernbaneverket si høghastigheitsutgreiing, Tom Stillesby.
Dei er nå halvvegs i utgreiinga si (sjå faktaboks), og i dag kunngjorde dei tal som viser kor mange passasjerar ulike strekk, som er aktuelle for lyntog, vil ha.
- Les òg:
- Les òg:
28 000 passasjerar
Til saman kan lyntog i Norge få så mykje som 28.000 daglege passasjerar, viser utgreiinga.
Dette gjeld hovudstrekningane frå Oslo til Bergen, Stavanger og Trondheim, og frå Oslo til Gøteborg og Stockholm.
Her er kundegrunnlaget for alle strekka som er undersøkte:
- Oslo – Bergen – 2,1 millionar reiser i året. 6000 pr. dag
- Oslo – Trondheim – 2,8 millionar reiser i året. 8000 pr. dag
- Oslo – Kristiansand/Stavanger – 3,3 millionar reiser i året. 9000 pr. dag
- Oslo – Bergen/Stavanger (over Haukeli) – 4,4 millionar reiser i året. 12000 pr. dag
- Bergen – Stavanger – 700 000 reiser i året. 2000 pr. dag
- Oslo – Gøteborg – 1,2 millionar reiser i året. 3000 pr. dag
- Oslo – Stockholm – 800 000 reiser i året. 2000 pr. dag
To ulike trasear mot Stavanger blir utgreia - ein via Sørlandsbanen og ein via Haukeli.
Analyserar vidare
Tom Stillesby seier at det er viktig å ikkje samanlikna kundegrunnlaget med land i Europa der innbyggjartala er mykje høgare.
– Det ser så langt ut til å vera ein stor marknad for høghastigheitstog i Norge, seier prosjektleiar Tom Stillesby.
Nye konsulentfirma skal nå analysera dei ulike strekningane i detalj med omsyn til mellom anna traseval, tal på stasjonar, stoppmønster, samfunnsøkonomi, utbyggingskostnadar, miljøfordelar/ulemper og areal- og næringsutvikling.