Normal

Ny forsking: – Elevar blir ikkje høyrde i PP-tenesta

Konsekvensen kan bli at skular bommar på spesialundervisinga, ifølge ein fersk doktorgrad ved Universitetet i Stavanger.

Elever i klasserom

Det er for mykje fokus på diagnosar og testar og for lite på miljø og samanhengar, viser den første store gjennomgangen av sakkunnige sine vurderingar om behov for spesialundervising i grunnskulen.

Kvart år får nesten 50.000 elevar i norsk grunnskule spesialundervising. Men vedtak om spesialundervising kan ikkje fattast før den pedagogisk psykologiske tenesta, PP-tenesta, har laga ei såkalla sakkunnig vurdering, altså ei ekspertuttaling.

Nå kritiserer ein fersk doktorgrad ved Universitetet i Stavanger (ekstern lenke) arbeidsmetodane til desse vurderingane. Dette er den første store gjennomgangen på dette feltet.

– Min studie viser at foreldre i liten grad kjem til orde i vurderingane. Elevane sjølv kjem endå mindre til orde, seier Marianne Sandvik Tveitnes, som står bak doktorgradsavhandlinga.

Tveitnes har gått gjennom 153 sakkunnige vurderingar frå forskjellige PPT-kontor frå heile landet. Ho har også sjølv 13 års erfaring som tilsett og leiar frå tenesta.

Mange testar, diagnosar og vanskelege kartleggingar dominerer dei sakkunnige vurderingane. Dette trumfar observasjon og erfaring, ifølge doktorgradsavhandlinga.

– Dersom ein ikkje lyttar til elevane om kva som skal til for å hjelpa og kva dei treng for å få utbyte av skulen, kan det henda skulane bommar med tiltaka, seier Sandvik Tveitnes.

Marianne Sandvik Tveitnes

Førsteamanuensis i pedagogikk ved Universitetet i Stavanger, Marianne Sandvik Tveitnes, har gjort ein omfattande analyse av sakkunnige sine vurderingar frå PPT-kontor i samband med doktorgraden sin.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Yatzy som førebuing til eksamen

PP-tenesta har dei siste åra fleire gonger vore i hardt vêr på grunn av si rolle og praksis som sakkunnig. Barneombodet har vore blant kritikarane og i rapporten «Uten mål og meining» frå 2017, fann ombodet store manglar ved tenesta sitt sakkunnigheitsarbeid.

Barneombodet peika blant anna på at elevane sin rett til å bli høyrd, ikkje blei varetatt. «Daniel» er blant fleire unge som blei intervjua i samband med prosjektet til ombodet.

I ein film på Barneombodet sine nettsider (ekstern lenke) snakkar han om sine erfaringar med spesialundervising i skulen.

Han fortel at han blei sett til å spela yatzy som førebuing til matteeksamen, om lærarar som ikkje spurte kva han trengde hjelp til og mobbing frå både medelevar og lærarar.

– Liten forandring i arbeidsmetodar

Forskar Marianne Sandvik Tveitnes trekkjer historiske linjer tilbake til då PP-tenesta blei oppretta, rett etter andre verdskrig, for å få finna svar på kvifor dei sakkunnige vurderingane har blitt slik dei har blitt.

Ifølge forskaren har lite skjedd med arbeidsmetodane dei siste tiåra.

– Det blir tatt litt for gitt at slik gjer ein når ein lagar ei sakkunnig vurdering. Dermed er det fort gjort gløyma at tidene endrar seg. Kanskje bør ein finna ny måtar å gjera desse oppgåvene på.

Det er Utdanningsdirektoratet som har ansvaret for utviklinga av grunnskulen her i landet. Når NRK konfronterer dei med kritikken frå forskaren, viser dei til det regjeringsoppnemnde ekspertutvalet leia av Thomas Nordahl.

I vår konkluderte utvalet med at spesialundervisinga i skular og barnehagar er for dårleg, og foreslo å legga ned dagens PP-teneste og heller knyta spesialpedagogane nærare skulane og barnehagane.

Ekspertgruppa sine forslag er på høyring, og høyringsfristen går ut seinare i sommar.

Flere nyheter fra Rogaland

Ekstremværet Knud.

«Knud» slo ut nødnettet: – Det er en skandale

Allerede i 2016 viste det seg at nødnettet var sårbart for strømbrudd. Myndighetene lovet bedring, men likevel klappet det sammen under uværet i helgen.