Hopp til innhold

– Folk må halda roa

Politiet ber folk om å hjelpa kvarandre i det som ser ut til å bli ein snøstorm på Jæren. – Det er også viktig at dei held roa, og ikkje mistar hovudet, seier operasjonsleiar Egil Karlsen.

Obrestad i snø

OBRESTAD: Slik såg det ut sør på Jæren fredag føremiddag.

Foto: Even Obrestad Hægstad

Det har allereie byrja å blåsa opp på Jæren, og det blir meldt om elendig sikt på hovudvegen Fylkesveg 44. Andre vegar er allereie stengde på grunn av snøen og vinden.

Det er sendt ut varsel om storm i kveld, og det som har vore ein vanskeleg situasjon i tre dagar, kan bli endå verre for jærbuar, som ikkje er vande med slike tilstandar.

Vil ha fleire snøskutarar til Jæren

– Me har bedd frivillige om å auka beredskapen sin i distriktet. Me vil ha ut fleire snøskuterar der forholda er verst, nett nå er dette på Jæren, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Egil Karlsen.

Røde Kors opplyser at dei truleg vil flytta fleire av sine 13 skuterar nedover til Jæren, frå Nord Jæren. Men dette kan ikkje skje før etter kontortider, sidan dei frivillige går på arbeid.

Politiet har fått mange telefonar i dag.

– Me er vande med snø på fjellet, men ikkje i låglandet, seier han.

Han legg til at mange som ber om hjelp, ikkje burde kontakta politiet.

– Me er ein naudetat, og kan ikkje hjelpa folk ut. av husa sine. Her er det viktig at folk heller hjelper kvarandre. Me er involverte i redningsarbeid når det handlar om liv og helse. Ein kan også kontakta kommunen, om ein har problem, seier Karlsen.

Kommunane aukar beredskap

Og jærkommunane vil ha auka beredskap i helga.

– Me oppmodar legar på legevakta om å overnatta på kontoret. Det gjer me også med andre som har nøkkelstillingar i kommunen, seier Vigdis Monsen, kommunalsjef for Helse- og Sosialtenesta i Hå kommune.

Dei har leidd inn firehjulstrekkarar til heimesjukepleien, og gitt tilbod til dei mest trengande om å legga seg inn. Også Time kommune har plassert dei sjukaste på institusjon.

– Legevakta får også legga folk inn, dersom dei er i tvil, seier Monsen. Dei har også brøytebil disponibel til å hjelpa utrykkingskøyretøy.

For alle som er friske og ikkje treng hjelp, har politiet dette å sei:

– Det er ikkje krise å vera innesnødd eit par dagar. Slapp av, og hald roa.