Hopp til innhold

– Folk kjem til å bygga meir ulovleg

Frå og med i sommar skal det bli enklare for folk å bygga nytt. Det vil føra til at fleire bygg ulovleg trur marknadssjef i AF Bygg Rogaland, Helge Ramsfjell.

Terrasse med hage

I dei nye reglane kan til dømes balkong, veranda, ope overbygg ved inngangsparti, ved- og sykkelbod på inntil 15 kvadratmeter oppførast utan søknad.

Foto: NRK

Frå 1. juli forenklar regjeringa byggereglane, og då kan ein bygga både garasjar, uthus, buer og balkongar utan å søka kommunen om det.

Men det betyr likevel ikkje at det er fritt fram, åtvarar byggebransjen. Helge Ramsfjell er marknadssjef i AF Bygg Rogaland, og seier regelendringane byr på mange utfordringar.

– Du får utfordringar med naboar, du får utfordringar med at folk bygg meir enn det dei eigentleg har lov til, og du får problem med at folk ikkje har kontroll på reguleringsplanar, seier Ramsfjell.

– Viktig å søka informasjon

Ramsfjell trur ikkje kvardagen blir betre med det nye regelverket. Han synst det berre er greitt at det tar litt tid å behandla byggesaker i dag – og at nokon passar på. Han minner også om at byggekrava gjeld som før etter 1. juli.

– Det er mykje som framleis ikkje er lovleg. Reglane burde vore slik dei er, for nå er det mange som kjem til å bygga ulovleg, seier Ramsfjell.

Kommunane og styresmaktene jobbar nå med å gjera informasjon tilgjengeleg for folk som skal bygga med det forenkla regelverket. Byggesakssjef i Sandnes kommune, Mette Brox, påpeikar at det er du som set i gang bygginga som er ansvarleg for at det skjer i tråd med gjeldande lovar og kommuneplanar.

– Det viktigaste er at dei søker informasjon og sjekkar ut reguleringsbestemmingar. Fokuset nå har vore veldig på at ting skal bli unntatt søknadsplikt, så det eg er uroleg for er at folk berre går i gang utan å sjølv sjekka opp i at føresetnadene er på plass, seier Brox.

Sjå video:

Kommunalminister Jan Tore Sanner vil gjøre det enklere for folk flest å bygge garasje og uthus uten å måtte søke tillatelse fra kommune eller naboer. Han forteller i intervjuet om endringene i loven, illustrerer hva det vil si og vi er rundt en garasje som ligger kun en meter fra nabotomten.

Her kan du få innføring i dei nye reglane av kommunalminister Jan Tore Sanner.