Hopp til innhold

– Føler meg behandla som ein «ting», ikkje som eit menneske

Fetteren til Birgitte Tengs fekk sjokk då han ikkje lenger var ønska i jobben han hadde fått som kundeansvarleg i Fokus Bank.

Fetteren i retten

Fetteren kom til Stavanger tingrett torsdag saman med kona. Bilete er anonymisert av hensyn til dei involverte partane.

Foto: Ellingsen, Tommy / SCANPIX

I desember i fjor fekk siviløkonomen, kjent i media som fetteren til Birgitte Tengs, jobben i banken.

Då var det gått 13 år sidan han blei frifunnen for drapet på kusina si, Birgitte Tengs. Tengs blei funnen drepen i nærleiken av heimen sin på Karmøy 6. mai 1995.

Les også: – Ulovleg og umoralsk av banken

– Beskjeden kom som eit sjokk

Men 11. februar i år kom sjokkbeskjeden: Han var ikkje lenger ønska i Fokus Bank, og banken heva arbeidskontrakten.

Dette var like før sivilokonomen skulle på eit kundeseminar med sin nye arbeidsgivar.

– Det kom som eit sjokk å få denne beskjeden. Det var heilt forferdeleg, sa han i Stavanger tingrett torsdag.

Det kom som eit sjokk å få denne beskjeden. Det var heilt forferdeleg.

Fetteren til Birgitte Tengs

Les også: -Slutten på et femten år langt mareritt

Har søkt over 100 jobbar utan hell

Fetteren til Tengs har saksøkt banken og krev nå erstatning frå det som skulle bli hans nye arbeidsgivar i Rogaland.

– Eg blei erklært uønska og føler meg behandla som ein «ting», ikkje som eit menneske, sa han.

Siviløkomen fortel om ein tøff periode for han og familien hans den siste tida. Situasjonen blir ikkje betre av at han eit barn som skal forsørgast. Til saman har han søkt over 100 jobbar utan å lukkast.

– Etter å ha studert og jobba i utlandet i fleire år har eg eit stort ønske om å slå meg ned i Norge, nær familie og venner. Kva har eg gjort for å fortenta dette? spør han seg.

Kva har eg gjort for å fortena dette?

Fetteren til Birgitte Tengs

Fortalde ikkje om fortida på intervjuet

På spørsmål om kvifor han ikkje fortalde det som skulle bli hans nye arbeidsgivar om fortida si på jobbintervjuet, svarte han at det ikkje var noko han var «medviten på.»

– Eg ville heller legga vekt på at eg var kvalifisert på jobben, at eg var sosial og at eg ville bu nær familien, sa han.

Banken på si side meiner dei blei nøydde til å avbryta arbeidskontrakten då dei fekk greia på at dei hadde tilsett ein mann som tidlegare hadde vore involvert i ei drapssak.

– Det at han har vore involvert i ei drapssak i Rogaland er uforeinleg med stillinga som kundeansvarleg i same fylke, sa Tarjei Thorkildsen, advokaten til banken, i tingretten.

Det er sett av to dagar til saka i Stavanger tingrett.