Hopp til innhold

– Nettsvindlarane har blitt flinkare og meir utspekulerte

Svindelbreva har blitt språkleg betre og ser nå meir profesjonelle ut enn tidlegare åtvarar Post- og teletilsynet.

Stine Sørflaten

FORSØKT LURT: Stine Bliktun Sørflaten er ei av mange som har fått falske e-postar frå kortselskap, den siste tida. Sidan ho ikkje har Master Card var det lett for ho å avsløra at dette var eit svindelforsøk.

Foto: Magnus Stokka / NRK

informasjonssjef Elisabeth Sørbøe Aarsæther i Post- og teletilsynet.

Elisabeth Sørbøe Aarsæther er assisterande direktør i Post- og teletilsynet.

Foto: Post- og teletilsynet

Mange opplever i desse dagar å få falske e-postar der ein blir beden om å gje frå seg personopplysningar og bankinformasjon.

I nokre tilfelle blir folk lurt og svindla for pengar, men som oftast blir dei nettkriminelle avslørt. Likevel er dei flinkare og meir utspekulerte nå enn tidlegare ifølgje politiet.

– Dei prøver heile vegen å finna nye metodar. Derfor forstår eg også at folk kan la seg lura, men det er likevel viktig å vera litt skeptisk, fortel leiar av økonomiseksjonen i Rogaland politidistrikt, John Arild Jåsund.

Betre språk

Ei av dei som har blitt forsøkt lurt av dei massive utsendingane den siste tida er Stine Bliktun Sørflaten som arbeider som førstekonsulent ved institutt for helsefag ved Universitetet i Stavanger.

Ho viser fram e-posten som vekk varsellampane til å blinka førre måndag.

– Den ser ikkje veldig truverdig ut, dessutan har eg ikkje Master Card, fortel ho.

Sørflaten fekk raskt varsla kollegaen sine om dei falske e-postane som blir distribuerte i hopetal om dagen.

Svindelforsøka går ut på at avsendar utgjer seg for å senda e-postar frå VISA eller bankar, og ber om personopplysningar og kontoinformasjon.

Dei som er tilsynsstyresmakt for elektronisk kommunikasjon, Post- og teletilsynet, støttar politiet sitt utsegn.

– Inntrykket vårt er at svindlarane stadig blir flinkare nettbrukarar. Før kunne ein lettare avsløra at det var snakk om svindel sidan språket var så dårleg. Nå liknar språket meir det ein til vanleg brukar.

– E-postane svindlarane nå sender kan ved eit raskt blikk kunne sjå ut som om det kjem frå til dømes banken din, seier Elisabeth Sørbøe Aarsæther, som er assisterande direktør i tilsynet.

Svindelforsøk med Visa-logo

Frå venstre ser ein e-posten frå «Visa», sida du kan oppgje koden du fekk i e-posten, og til sist skjemaet der du blir beden om å fylla inn personopplysningar.

Foto: Skjermdump

– Slett mailen

Dette gjer at folk bør bli meir merksame på det som kjem i innboksen, meiner Post- og teletilsynet.

Det meiner òg politiet, som seier det er svært vanskeleg å oppklara saker der utspekulerte nettsvindlarar lukkast.

– Dei som sender e-postane sit gjerne i utlandet, og i land som me ikkje har samarbeidsavtalar med. Ofte er det også mellomledd som gjer at e-postane ikkje plent blir sende frå landet der dei nettkriminelle oppheld seg, fortel Jåsund.

Og er du ein av dei som nyleg har fått ein mistenkeleg e-post frå Visa eller ein bank, er rådet frå Stine Bliktun Sørflaten klart. Førstekonsulenten frå Universitetet i Stavanger har sjølv tatt imot falske bank-e-postar to gonger, og har ikkje tenkt å gå i nettfella.

– Mitt råd er å berre sletta dei med ein gong. Er det på ei større bedrift kan det vera greitt å ta kontakt med IT-ansvarleg, slik dei får sendt ut e-post som opplyser om svindelforsøket.