Hopp til innhold

– Fleire månaders arbeid er stole

Torsdag ettermiddag stal frekke tjuvar bagen til LidoLido på eit hotell i Oslo. Nå lover popartisten 10.000 kroner til den som kan skaffa han datamaskinen tilbake.

Lidolido

UERSTATTELEG DATAMASKIN: I bagen til LidoLido låg ein berbar datamaskin med songtekstar, som nå kan gå tapt.

Foto: Tom Øverlie / NRK P3

– Det er litt krise altså. Den baggen er ikkje så viktig, men jobb mac'en min låg oppi der, seier Lido Lido til NRK.

Det var i går kveld, inne på Thon Hotel Terminus i Oslo, at Peder Losnegård, kjent som popartisten LidoLido blei fråstolen bagen sin.

Tekstar til to album er vekk

I bagen låg ein berbarar datamaskin, der mykje av songmaterialet til LidoLido ligg.

– Fyrst og fremst er det den eg skriv all tekst på. Eg har tekst der til det neste albumet og mykje av albumet etter det, som no er forsvunne. Eg har mange skisser og hemmelege låtar som ikkje er heilt klare enda, seier han.

– Det som er skummelt er at eg har eit par musikalske samarbeid der som ingen veit om enda, som eg ikkje vil at nokon skal lekka før det er klart, legg han til.

Lido Lido, stjålen datamaskin

Oppfordringa frå Lido Lido har blitt delt av svært mange på Facebook.

Foto: Skjermdump fra Facebook

Skal spela i Sommeråpent

LidoLido hadde pakka og var på veg til Gardermoen då tjuveriet skjedde. Han skulle nemleg heim til Haugesund, og i kveld skal han vera med på Sommeråpent i NRK sin sommarbåt, som ligg i Rosendal i Hordaland.

– Eg skal spela åleine, og då brukar eg alltid å ha med mac'en og spela beats frå den, men no må eg finna ei anna lydkjelde, seier han.

Hadde du ikkje backup?

– Eg lager ikkje musikken min på mac'en, så alt musikalsk materiale har eg, men eg hadde ikkje tenkt på å ta backup av tekstane, seier Lido Lido.

10.000 i dusør

LidoLido skal snart på turne, og har då eit sterkt ønske om å ha datamaskinen. Derfor lover han 10.000 til dei som kan skaffa han tilbake sin Mac Book.

– Det er ganske mykje arbeid som er gjort på den mac'en som eg no må gjer på ny. Det set meg tilbake nokre månader, seier han.