Hopp til innhold

– Då fem mann gjekk inn for å sjekka eksploderte det

Det var eit prislønt nytt kappeutstyr som blei testa då det eksploderte inne i fabrikklokala til Malm Orstad AS på Jæren i dag.

Video Eksplosjon i Klepp

VIDEO: Seks menn i alderen 20 til 60 år blei skadde i ein eksplosjon hos Malm Orstad på Voll i Klepp måndag føremiddag.

– Ingen folk var inne i lokala under sjølve kappinga, men då dei skulle inn for å sjekka så eksploderte det, seier Johnny Johnsen som er innsatsleiar i politiet.

Ulukka skjedde i titida måndag ettermiddag, og tre av dei skadde ligg på Haukeland Universitetssjukehus i Bergen med alvorlege skadar.

Prislønt kutteutstyr

Kuttemaskinen som var under testing då ulukka skjedde var ein såkalla «Control Cutter» stadfestar leiinga i Malm Orstad til NRK.no.

Control Cutter

Teikning av 'Control Cutter' som selskapet har lagt ut på heimesidene sine. Det var denne ankarkuttaren som var under testing då det eksploderte på Malm Orstad i Klepp i dag.

Foto: Control Cutter

Dette er ifølgje Teknisk Ukeblad eit prislønt kutteutstyr som har kome i etterkant av Bourbon Dolphine ulukka i 2007 der åtte menneske omkom, og skulle bli installert for test på fartøyet Skandi Vega i haust.

Kutteutstyret skal i løpet av to sekund vera i stand til å kutta over tjukke ankerkjettingar og vaierar i situasjonar der det kan unnverja ei ulukke, skriv Control Cutter på heimesidene sine.

Tidlegare i år vann oppfinninga til andreplass i DNB NOR sin innovasjonskonkurranse. Ifølgje TU blei prototypen DNV-godkjent i mai 2010.

–Me har vore i kontakt med alle me må vera i kontakt med, men førebels har det ikkje kome fram opplysningar om kvifor testinga gjekk gale, seier Bjørnar Huru i Malm Orstad på spørsmål om dei har vore i kontakt med leverandøren av Control Cutter.

Blant dei skadde var også tilsette frå Control Cutter som var på plass for å testa utstyret saman med dei tilsette i Malm Orstad.

Eksplosjon hos Malm Orstad, Voll i Klepp

Porten til høgre i bilete blei blåst ut i eksplosjonen måndag føremiddag. Over porten til venstre er det sotmerke. Begge portane går inn til hallen der eksplosjonen skjedde.

Foto: Siri Wichne Pedersen / NRK

Vil ikkje spekulera i årsak

Kva som gjekk gale då firmaet i Klepp skulle testa kutteutstyret er framleis usikkert. Men ut frå omfanget av dagens ulukke kan det vera snakk om ein gasseksplosjon:

– Me veit at høgt trykk og ulike typar gass kan vera årsaka til eksplosjonar, men eg vil ikkje spekulera i kva som er årsaka i denne ulukka, seier brannsjef Henry Ove Berg i Brannvesenet Sør-Rogaland til NRK.no.

Eit av elementa i kuttereidskapen varmar stålet i kjettingen opp med såkalla induktiv oppvarming til over 900 grader skriv TU.

Kriminalteknikarar vil halda fram arbeidet sitt på ulukkesstaden i morgon opplyser politiet.

– Tung beskjed å få

Selskapet der testinga gjekk føre seg lar etterforskinga konkludera med kva som gjekk gale:

– Nå har me fokus på dei som arbeidar her, og familiane til dei skadde. Årsaka til ulukka kjem i andre rekke, seier Magne Orstad som er dagleg leiar i Malm Orstad.

Han var sjølv i Sveits då ulukka skjedde, men sette seg på første fly tilbake til Norge då han fekk beskjeden.

– Det var ein svært tung beskjed å få. I morgon skal me ha infomøte med alle arbeidarane, så får me sjå korleis arbeidsdagen blir vidare, seier Orstad.