Hopp til innhold

– Faren for hemnoppgjer er stor

Med meir enn 25 tenestemenn i arbeid i helga, og vaktpostar ved fleire asylmottak, skal politiet unngå hemnoppgjer etter ein tenåring frå Iran blei drepen ved Dale asylmottak denne veka.

Video Fryktar hemnoppgjer

FØREBUDDE PÅ HELGA: Politiet i Rogaland vil jobba aktivt for å unngå hemnoppgjer etter knivdrapet på Dale i Sandnes, ifølgje politiinspektør Bjørn Andersen.

– Me ser på faren for vald i dei aktuelle miljøa som stor, seier politiinspektør ved Rogaland politidistrikt, Bjørn Andersen, til NRK.no.

Dermed blir det ikkje ei normal helg for politiet nord på Jæren:

Mange i arbeid

– Me har høgt trøkk, og mellom 25 og 30 tenestemenn i arbeidar med saka. Sidan me ser på valdstrugselen som aukande har me også beredskap og planar for korleis me skal handsama ein slik situasjon, seier Andersen.

Det var etter ein iransk tenåring blei drepen ved Dale asylmottak på onsdag at det har vore amper stemning i miljøet rundt mottaka. Politiet siktar fire tsjetsjenarar med russisk statsborgarskap for å ha vore med på drapet.

Dei har tatt to av desse, men dei to andre er framleis på frifot ettersøkt av politiet. Politiet fryktar hemnoppgjer etter drapet.

– Det framstår som ganske klart at det i denne saka handlar om etniske grupper, der det allereie finst konfliktar, seier Andersen.

Gjekk til angrep på politiet

Torsdag kveld sperra politiet vegen inn til Dale asylmottak, noko som førte til at ei gruppe på om lag 50 personar gjekk til angrep på politiet.

I tillegg til politiet sitt vakthald ved fleire asylmottak i distriktet, har leiinga ved Dale asylmottak sett inn ekstra securitasvakter og ekstra personell til helga.

Stemninga på asylmottaket på Dale er prega av frykt og utryggleik, både på grunn av drapet, men også på grunn av politiet si nærvær:

– Nokon er redde for at dei skal bli tatt og sende heim, det er derfor viktig at dei blir tryggja og fortalt kven desse politifolka er og at dei er her for å hjelpa til, seier Arna Leidland som er mottaksleiar ved Dale asylmottak.

Ransaking ved Dale

Det blei ampert ved Dale asylmottak då politiet oppretta ei vegsperring ved mottaket i går.

Foto: Ronny Hjertås

Komplisert sak

Politiet seier at saka er komplisert å jobba med. Delvis på grunn av at det er så mange folk med ulike nasjonalitetar som skal inn til avhøyr, men også at folka dei vil koma i kontakt med er folk som ventar på å bli sende heim:

– Dette er ein kompleks sak, og det er riktig at dette er eit aspekt ved dette, seier Andersen.

Politiet har framleis ikkje kartlagt kva som skjedde då tenåringen blei drepen, og har heller ikkje hatt alle inne til avhøyr. Men Andersen seier at politiet er godt i gang med dette arbeidet som også vil halda fram i helga.