Hopp til innhold

– Stor fare for at folk får vatn i kjellarane

Onsdag ettermiddag blir det kraftig nedbør på kort tid i Rogaland.

Nedbør

Meteorologisk institutt sender i dag ut OBS-varsel om mykje nedbør onsdag.

Foto: Ståle Frafjord

– Me kjem til å senda ut OBS-varsel for Rogaland om kraftig nedbør onsdag, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarsling på Vestlandet, Kjersti Opstad Strand, til NRK.no.

Sommarvêret tar dermed ein pause i Rogaland.

– Det blir eit heftig vêr og det er stor fare for at folk får problem med kjellarane sine.

– Kor mykje nedbør er det snakk om?

Totalt sett blir det ikkje så mykje i løpet av dagen. Med ut mot ettermiddagen og kvelden kjem det mykje nedbør på kort tid. Då klarer ikkje bakken å ta unna alt vatnet, seier Opstad Strand.

– Kor i fylket er det venta mest nedbør?

Lågtrykket kjem frå sør, men det er svært usikkert kor det blir mest nedbør. Me får håpa de slepp unna det verste, seier meteorologen.

Litt over klokka 12 tysdag var makstemperaturen målt til 17,2 grader på målestasjonen på Våland i Stavanger. Onsdag er det venta høgare temperaturar.

– Det blir nok over 20 grader i morgon. Dei kraftige byene kjem først ut på dagen, seier Opstad Strand.

NVE varsler om jordskredfare

I tillegg til flomvarsel er det sendt ut jordskredvarsel for fylket vårt i dag.

Fra midt på dagen er det venta kraftige byger og opp mot 50 millimeter med regn i løpet av 12 timer.

Norges vassdrags- og energidirektorat råder folk å rense kummer og lliknande for å unngå oversvømmelser.