Hopp til innhold

– Enkelt å takka ja til nestleiarvervet

Hadia Tajik blei først spurt i går kveld om ho kunne tenkje seg nestleiarvervet i Ap. Men då spørsmålet kom, var ho ikkje i tvil.

Hadia Tajik

Hadia Tajik er innstilt som ny nestleiar i Arbeidarpartiet.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Det å vera nestleiar for Arbeidarpartiet betyr at ein får endå fleire moglegheiter til å utvikle politikk, formidle politikk, og jobbe med ein organisasjon som betyr mykje for meg, det seier Hadia Tajik.

I dag vart det kjent at valkomiteen innstiller Tajik som ein av to nye nestleiarar i Arbeidarpartiet.

Det har i lengre tider blitt spekulert i om ho kom til å bli innstilt, og det har gitt Tajik tid til å finne ut av om dette er noko ho vil.

Fekk spørsmålet i går kveld

– Eg såg jo i avisene at namnet mitt blei nemnt, og at det blei spekulert i om det kunne bli meg. Eg gjekk nokre rundar med meg sjølv på om dette var ein moglegheit eg ville forfølgje, og om eg ville seia ja viss valkomiteen enda opp med å spørje meg, seier Tajik.

Og i går kveld kom spørsmålet frå valkomiteen. Då var ikkje Tajik i tvil om kva ho skulle svare dei.

– Etter å ha tenkt meg om så var jo konklusjonen, ja det vil eg, seier ho.

– Sunt med fleire kandidatar

Ho er innstilt som nestleiar saman med Trond Giske. I forkant har både Jette Christensen og Anniken Huitfeldt blitt nemnde som aktuelle for vervet, men Tajik gjekk altså sigrande ut.

– Det er ei sunn side ved eit politisk parti at det er fleire personar som er kvalifiserte til å ta på seg ansvarsfulle verv. At det har vore fleire namn som har blitt diskutert i denne samanhengen, er berre ein positiv ting, meiner Tajik.

– Og så er det folk som eg ser opp til og som eg har sansen for å bli nemnd i same setning som.

Om Tajik blir nestleiar blir endeleg avgjort på landsmøtet i april.