Hopp til innhold

– Ein skandale dersom plastryddinga sluttar

RYFYLKE (NRK): Statens vegvesen har som mål å stansa oppryddinga av plastforsøpling frå Norges største vegprosjekt neste år, trass i rapportar frå fleire hald om mykje plast i skjergarden.

Egil Tjensvold

PLASTUTSLEPP: Egil Tjensvold i Naturvernforbundet i Strand finn mange små plastbitar i stranda i nabolaget sitt på Tungland på Jørpeland i Ryfylke.

Foto: Magnus Stokka / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg kjem sannsynlegvis ikkje til å oppleva slutten på dette her. Me har så store mengder plast i sjøen og me vil få ny tilførsel i veldig lang tid framover, seier Egil Tjensvold, leiar for Naturvernforbundet i Strand i Rogaland.

Han har gått ned i kneståande for å rydda små plastbitar frå ei strand i nabolaget sitt på Jørpeland i Ryfylke.

– Dette er ein av plassane, men me har forsøplinga i heile Ryfylkebassenget og Boknafjorden, seier Tjensvold i Naturvernforbundet.

Han er ikkje i tvil om at forsøplinga kjem frå Norges største vegprosjekt, Ryfast. Det er fastlandssambandet mellom Stavanger og Ryfylke som opna i vår.

Ryfast-plast

Egil Tjensvold bruker ikkje lang tid på å finna ein neve med små plastbitar, trass i at stranda nyleg har blitt rydda.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Framleis plast i sjøen

I starten av byggeperioden blei nemleg skyteleidningar og armeringsfiber i plast dumpa i fjorden i samband med utfyllingar av steinmassar.

I 2014 melde Naturvernforbundet Vegvesenet etter funn av store mengder plastfiber i sjøen. Vegvesenet fekk 540.000 kroner i bot, og pålegg om å rydda opp.

Vegvesenet har beklaga utsleppet fleire gonger og har rydda i fem år til ein prislapp på fleire millionar kroner.

Men framleis blir det gjort funn fleire plassar av plastutslepp frå milliardprosjektet. For eksempel under NRK sin ryddedugnad «Heile Rogaland ryddar» førre veke.

– Ein blir demotivert når ein ser så mykje smått, seier Kersti Kespers i Ryfylke friluftsråd.

Ho har funne skytestreng frå Ryfast på øya Rossøy i Ryfylke.

– Januarflaumar årsaka

Det er skyssbåtfirmaet Helgøy skyssbåt som ryddar Ryfast-plast på oppdrag for Vegvesenet.

– Årsaka til at me finn så mykje plast i år er dei to store flaumane i januar. Det er kome fram ting som har lege mellom steinar og slike ting, seier skipper Kristen Helgøy.

Ryfast-plast

80 prosent av innhaldet i sekkane stammar ikkje frå Ryfast-prosjektet, ifølge ryddegjengen som er engasjert av Statens vegvesen. Her er fangsten etter ein ryddedag i Ryfylkefjordane.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Alt som blir kasta blir rapportert til Fylkesmannen i Rogaland. Dei siste rapportane viser at det framleis blir funne «ganske mykje plast», ifølge Fylkesmannen.

Men størstedelen av det som blir rapportert stammar ikkje frå Ryfast-prosjektet. Det kan vera tang og tare som ryddarane får med seg, eller anna avfall.

– Er det meir eller mindre Ryfast-plast nå?

– Det kan me ikkje slå fast fordi me ikkje har oversikt over mengda plast som er funne tidlegare. Men me veit at mengdene som blir rapportert ikkje berre er plast frå Ryfast-utbygginga, seier assisterande fylkesmiljøvernsjef Marit Sundsvik Bendixen.

Vegvesenet: – Går mot slutten

Gunnar Eiterjord

Gunnar Eiterjord er prosjektleiar for Ryfast i Statens vegvesen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Statens vegvesen meiner på si side det er «veldig mykje mindre plast nå», og at det går mot slutten på forsøplinga.

– Framleis driv me opprydding og det skal me gjera så lenge me finn restar frå prosjektet, seier prosjektleiar for Ryfast, Gunnar Eiterjord.

Fylkesmannen i Rogaland skal gjera opp status med Vegvesenet neste år. Dei tvilar på at ryddejobben er ferdig då, men synst det vil vera fornuftig med synfaring.

– Me har håp om at jobben er gjort når me kjem til neste år, seier Eiterjord i Vegvesenet.

Naturvernforbundet er ueinig.

– Eg vil kalla det ein skandale dersom vegvesenet ikkje treng rydda meir frå neste år, seier Egil Tjensvold i Naturvernforbundet i Strand.